Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lensmannen, skunda ho seg og spurde, um ikkje nokon
av dei unge Herrane vilde vera so snilde aa syngje lite
for os. «Ja det vilde vera hyggjelegt,» ropa
Proprietæren fornøgd. Fru Storr sat strakst ved Pianoe;
Knutzon og Viborg samraadde seg um kva dei skulde
syngje; so kom det nokre store Akkordar fraa Spéle,
og dei unge Herrane sette i med full Kraft:
Här är guda godt at vara,
ack hur lifvet dock är skönt...»
Dei song fagert; med Kunst; med Skaking i Maale
og Drag paa Tonane; det var som ein skulde vera paa
Teatre, totte Daniel; slik skulde fin Song vera. Dei
dreiv paa med «Gluntar»; sistpaa kom dei med eit
Nummer av Bellmann. Daniel undrast paa um dei
ikkje vilde koma med noko norskt.
Det vart klappa for kvart Nummer; og daa dei slutta,
takka Proprietæren med ei lita Tale for
«Studenter-songen». Herr Viborg tala for «Uppsalasongen», som
han vilde segja var reint ut ein Tryllesong; og daa
Herrane forstod at det galdt aa halde Endre Storr ute,
gav dei seg til aa tala alle ihop. Herr Petersen tala
for Broderlande, Herr Knutzon for Kvinna med Adresse
til Fru Stensrud, Bang Block for vaare Brødrar i Sud,
og Becker — for Bondestudentane. Daniel bleikna. Men
Herr Becker sagde, at det var godt, og — æ —
glede-legt, at Bøndane tok til aa vinne seg meir — æ meir
sann og grundig Upplysning; det vilde hjelpe deim fram
til — ææ — til aa kunne svara sitt Rom millom dei
andre Samfundsklassane — og — ææ — f. Eks. paa
Stortinge — paa ein meir verdig — mææ — paa ein
meir og meir verdig Maate. Det hadde vist seg, at det
var — ææ — at Bøndane ikkje sakna — mææ —
Gaa-vur, og naar desse fekk si rette Utvikling og — mææ
202
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>