Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kristendomen ut or Skulen!» «Det kann eg ikkje tru,»
svara Kristian aalvorsamt. «Tru? Eg hev høyrt det
med mine eigne Øyro; — ja av Teologar hev eg høyrt
det!» Kristian rugga paa Hovude. «Og det som er
verre enn alt,» heldt Daniel fram, «eg hev høyrt sagt
ende ut, at Rettfylgdi av desse folkelege Tankane er
Sosialismen! Sosialisme og Kommunisme ... er det ikkje
fælt?» Kristian saag reint fortenkt ut. «Eg for min
Part,» heldt Daniel fram og gjorde seg roleg, «hev i
seinare Tid funni det best aa slaa meg ifraa Politiken
og dei Ting; for det er ikkje godt aa vita kor langt
ein kann fylgje med no, tykkjer eg.» — «Nei,» sagde
Kristian; «det gjeld nok aa sjaa seg fyri.» Daniel var
so glad at han undrast paa det sjølv.
Han aat til Kvelds hjaa Kristian, men fekk korkje 01
til Maten eller Toddy etterpaa. Kristian lagde iser ut
um Grundtviglæra og kor faarleg den var; sidan
fortalde han inn, at dei paa Latinskulen hadde havt slik
ein merkeleg Mann til Religionslærar i dei siste Par
Aari. Daa Daniel vilde gaa, sagde Kristian: «skulde det
ikkje vera godt um me b a d med kvarandre i Kveld ?»
— Au, stend det slik til, tenkte Daniel; «jau, jau,
gjerne,» stota han.
Og so maatte han høyre paa Kveldsbøni hans Kristian,
som vart baade lang og drjug. Ja; den, som var so
langt komin! Daniel for sin Part fekk vel drygje til
han vart Prest. So lengi ein laag her og studera, hadde
ein so mykje anna aa tenkje paa... det var ikkje so
greidt. Elles var det no som ein tok det til med denne
Bondeskikken aa «halde Bøni»; i fine Hus bruka dei
det aldri, og dei kunde vel vera like gode Kristne for
det? — Daniel gjekk, so snart Bøni var fraaseg-gjord;
og han aat ikkje oftare til Kvelds hjaa Kristian Bliland.
Men stundom aat han til Kvelds hjaa Endre Storr.
239
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>