- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
251

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hadde naatt Hamn etter lang Sigling og ymis Kryssing.
Var ferdug med all den Ungdoms Ørske og Uklaare han
fyrr hadde baska med. No var han komin til Ro. Var
vaksin Mann. Visste kva han vilde.

Vaarherre hadde stelt det vel. Naar han saag att-yvi
Live sitt, skyna han Meiningi med det meste. Det
einaste kunde vera den Haud’en til Artium. Men den
tilgav han Vaarherre; Umvendingssogo si sprang han yvi.

Rud og Haugum og den Flokken, dei fekk segja kva
dei vilde; han hadde so gode Folk paa si Side no, at han
ikkje var rædd. Han vilde heller hava med seg heile
det store upplyste Samfund enn ein Flokk fortumla
Idealistar; og han var friare no, naar han heilt fekk
fylgje si naturlege Trong til aa bøygje seg loyalt for
all sann Autoritet, enn han var daa han var med og reiv
ned paa Autoriteten. Det var sant som Professoren
sagde: sann Fridom naadde ein ikkje ved aa raade
seg, men ved aa bøygje seg.

Han var berga. Um nokre Aar vilde han vera komin
inn i den Pyramiden av Glans og Magt som han alltid
hadde drøymt um, og som var det høgste; daa kunde
han med Sanning segja at han hadde naatt sitt Ideal.
Han visste knapt nokon Ting som kunde vera gildare
enn aa sitja paa ein gamall Prestegaard og vera Herre
yvi Bøndar. Og daa skulde han lære Folke aa arbeide,
arbeide... Han hadde vondt av den Ungdomen som
gjekk her og kasta seg burt i Stræv for ville og lause
«Idear», som aldri i Verdi kunde skaffe sine Folk anna
enn slitne Frakkar og brotne Vonir. Men dei
Skraal-halsane som gjekk og forførde Ungdomen og reiv ned
paa alt, og ikkje var fornøgde med nokon Ting, dei
kjende han at han var harm paa. Kva var det dei vilde
for noko? Var ikkje Samfunde so godt stelt som ein
kunde vente?

Han rette seg upp og saag seg ikring. Hm; der var

251

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0253.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free