Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
livde so regelrett som ein Sokneprest, viste han svært
god Greide paa andre Folks Syndir.
Han var mindre av Vokstr enn andre, og hans serlege
Kjenneteikn var, at han hadde ein Bunk paa Ryggen.
Av Hals hadde han lite og inginting; det lange Hovudet
laag og kvilte paa Bunken og dei høge Aksline «som
Johannes den Døbers Hoved paa et Fad». Andlite var
stramt og skarpt; det rengde seg og vart stygt, naar
han smilte.
Peter Tordenskjold bad um Selters med Saft, til stor
Upparging for Bjølsvik. Naar han endaa kunde drikke
01! So fekk Peter seg ein Krakk — einkvar Stad ifraa;
Peter Tordenskjold greidde seg alltid! — og so tok han
til aa røde; spurde, um Georg Jonathan var her i Kveld.
Blytt sat og glodde burti femte Veggen; Bjølsvik
saag ut som han vilde bite.
«Jo,» sa Blytt.
«Og holder Lag med Julie Lindner som sædvanlig,
eh?» heldt Peter Tordenskjold fram.
«Mm,» murra Blytt, «hvorfor skulde ’n ikke det?»
Peter Tordenskjold døyvde ein Smil. «Nei, nei,
hvorfor ikke,» sa han.
Han hadde eit klaart, kringt Maal som rulla merkeleg
lett, men hadde noko haast eller saart i Roti. Kvar Gong
han gjorde ein Stans, kom det ein liten Ettertone, som
ei Rikting for Brjoste eller ei lett Stynjing.
«Jeg undres paa aassen det egentlig er med den
hemmelige Forlovelsen hans jeg, eh,» heldt han fram.
«Hmm,» murra Blytt. Men so sette Musiken i med
ein Fransæse, og Ungdommen sette i Veg ut mot
Dansesalen «som Jordans Flod».
Skal me so gaa? sa Blytt.
Myrk um Augo reiste Bjølsvik seg. «Ja,» knurra han;
«her er sgu ingen Moro!»
267
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>