Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
karar. Men det var ikkje greidt. Ein maatte sjaa seg
fyri; ein laut hugse at det skulde vara heile Live. Gud
maatte vita kvar alle Folk fekk Mod ifraa — naa-ja.
Her ein Gong i Vinter hadde Gram innbilt seg, at Eline
Henning maatte vera den rette. Eline Henning, Dotter
av Maalaren; ja De kjenner henne. Ho var just komi
heim fraa Utlande; og med henne kunde ein tala um
mange Ting. Men so hadde Gram skræmt henne. Han
hadde komi upp i Kunstforeningen ein Dag, litt full.
Der raaka han henne, og gav seg til aa forklaare Kunst
for henne med godt Mod. Men fraa den Dagen var ho
rædd han. Meir tolde ho ikkje. Ja og so hadde nok
Gram tala noko fritt; nemnt Ting som ho ikkje lika;
«di er saa vanskelige paa det, selv di beste Damer.»
Hja! sukka Gram. No var ho forlova med Peter
Tordenskjold; quod félix et cetera; og det gjekk visst godt;
dei høvde ihop dei tvo; dei var likso kjønslause den eine
som den andre.
«Hvad behager?» sagde Georg.
«Aa jo saa Gu,» svara Gram; dei fleste er likso kalde
som dei ser ut til. Strakst etter heldt han fram: so
øydelagde er daa ikkje me Mannfolk; me hev daa Natur
enno, me.
Daa lo Georg. Og han sette til og svor, at Natur
hadde ho daa visst, den han skulde ha; han visste det;
«for jej gifter mej, Satan lyne mej, med min
Elskerinde!»
Gram sette Augo og spurde um Georg var
sentimental. Slikt skulde ein ikkje gjera. Det vart Skandale.
Ein skulde vera korrekt. Comme il faut skulde ein vera.
Ikkje noko slikt sentimentalt Tøv; baade Georg og ho
kom til aa trega det.
Han tale lengi og ihuga; Georg svara, at Tingen var
avgjord. Kva skulde ein gjera? Han elska henne; han
387
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>