Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
bare vakrere,» sa Georg tankespreidd; han tromma med
Fingrane paa Borde.
No var nok Hummelvik full. Han skreik yvi Borde
til Georg Jonathan: «Er ikke Di Filosoff? Er ikke Di
Filosoff? Om Forladels, er ikke Di Filosoff?» «Nei Gud
bevare mej,» ropa Georg. Hummelvik heldt paa:
«Om-f’ladels, Omf’ladels; men er ikke Di Filosoff?»
Daa Georg ikkje svara, slutta han; so sette han seg
til med Hovude i Hendane og smaasnakka; tok sistpaa
til aa syngje. Han hadde ein litin mjuk, slørd Tenor;
og Visa hans skar seg i spede Tonar gjenom Rome som
ein Syrjesong.
«Aa Olav fraa Brurebraat
fram for si Gjente skrid:
aa hu deg og hei paa ein Laurdagskveld!
no reider du Kvila di.
Hei! Bryllaup til Mikjaalsmess.
Til svara Turid,
ho vart so heit i Kinn:
Kvila er reidd, men aldri for deg!
no ventar eg Guten min.
Hei! Bryllaup til Mikjaalsmess.
Aa Olav fraa Brurebraat,
han var no like sæl.
Gjekk etter Rein paa høgaste Fjell,
der slo han seg ihel.
Hei! Bryllaup til Mikjaalsmess.
«Ja, ja,» sagde han, «Gud hjælpe oss alle som syge
og sorrigfulde er, hvad enten vi ere fjern eller nær.
Du? Du?» han vende seg til den, som sat ved Sida av
han; «Du? vét du hva?» og so gav han seg til aa tala
um Kona si. Ho var so, og ho var so; og dei sagde so
tidt til han: du Hummelvik, du skal skilja deg med
Martine. Men det vilde han ikkje. Nei. Det vilde han
392
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>