Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikkje. Aldri i Verden. Hør; vét Di hvad? Vét Di
hvad?» Han lagde Armen um Halsen paa den han tala
til og kviskra; lagde seg so attende i Sofahyrne og vilde
sova; eit Par av dei eldre maatte i Veg og hjelpe
Mannen heim.
Gabriel Gram viste seg; han var noko fløven aa sjaa
til; eit Grand ustød, og heller bleik. Han tok Georg i
Armen og bad han fylgje med inn i Piano-Rome. Georg
fylgde. Paa Vegen sagde Gram heile Tidi: «Di;
oprigtig talt, Di skal ikke gifte Dem med Deres
Elskerinde.»
Det vesle Piano-Rome var fullt av Folk og Tobaksrøyk.
I Sofaen sat ein eldre Herre med bleikt Aasyn og svarte
Lokkar og tala, endaa ingin høyrde paa’n; dei kunde
konversere dei gamle, sa han; (Jei hadde Konversasjon;
me kunde berre disputere og halde Foredrag. Den gamle
dansk-tyske Kulturen døydde ut; dei Folk me no hadde,
var Uppkomingar, Grosserarar, «Halvfinhet med
Præ-tangsjoner». So var daa og Intelligensen servil;
althalv-fint var servilt. Dei gamle kunde bøygje Rygg dei, men
var like stive i Karakteren; slog Hs. Maj. Kongen Hatten
av Statsraaden sin, so maatte so pinedød Hs. Maj. sjølv
bøygje seg ned og taka Hatten upp att; men no laag dei
fine paa Kne og bad Hs. Maj. «naadigst» binde Hendar
og Føter paa oss med eit absolut Veto. «Bravo!» sagde
det rundt Borde; dei hadde vel høyrt dette siste.
Lage hadde skilt seg sund i Smaahopar; Folk gjekk
og kom; yvi det heile laag Tobaksrøyken som eit tett
Draumslør. Ved Pianoe sat ein høg, ven Gut og spéla;
for den nedre Bordenden sat tvo unge Fyrar og gjorde
Kattemusik: «mjau! mjau!» men inn-imillom sagde den
eine av deim med halv-dansk Ut-Tale: «vil du prøve
Kærligheden.» Ein og annan reiste seg og heldt Tale;
det vart sagt Bravo kvar Gong dei gjorde ein Stans.
393
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>