- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
29

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

29

Gud helpe oss for Konge! Han hadde kje so mykje
som eit Rom for seg sjølv; Kammerse hans hjaa
01-handlar Simonsen i Vaterland, det vart samstundes brüka
til Losement for Ferdafolk ... Og som han saag ut.
Øltung og sabbin, sluskut og slurveleg klædd, fyllefeit
og gul i Kinni, Haare vaatt og ugreidt fram-yvi Skallen,
Skjegge ustelt; dei talgljose Augo heite og raude etter
den siste Rusen; yvi det heile noko sjukt og villt;
Mannen var ein Fyllefant! — Og dette Menneskje
hadde ho vori gift med. Dette Menneskje skulde vera
Far; det var han, Borni skulde hava aa lite paa fram-i
gjenom. Stakkars deim, stakkars deim!

Nei; noko so hjelpelaust som desse Borni. Ikkje
Foreldri sine dessmeir kunde dei lite paa; ikkje sine
eigne Foreldre!

Ho gjekk og elte seg med dette, til Hovudverken
kom og ho mest vart arbeidsufør. No leid det til den
Tidi at ho maatte tenkje paa Heimvegen att; kor skulde
det gaa? Fara fraa Borni som det no var stelt kunde
ho ikkje; endaa mindre kunde ho taka deim med seg.
Der heime hadde ho inginting aa føde deim med; det
kunde taka Tid aa faa Syskulen i Gang; og med
Saumen sin kunde ho føde seg sjølv og Fanny, fekk ho
tru, men ikkje fleire. Gamle Kjenningar skulde ho
ikkje vente Hjelp av stødt; dei kunde snart finne at
ho tyngde for mykje paa deim. Att og fram, att og
fram tenkte ho; kom ingin Veg, men fekk ikkje
Tankane fraa seg heller; det vart reint svart for henne
stundom.

Nils talde for henne det beste han kunde; desse
Kjeringane der uppe maatte ha fari med Snakk. Dei
var vel Uvenir med Jomfru Henriksen; alle simple
Folk var alltid Uvenir; og so skulde dei paa
Kjering-vis hemne seg med Kjeften. Naar Borni saag ut som
Folk, so hadde dei det vel som Folk au. Det var ikkje
noko aa bry seg um, at dei var glade i Kveitebrød og
at dei grét og vilde til Mor si; so var det med alle

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free