- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
30

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30

HJAA HO MOR.

Born. Ho fekk kje tru Holmsen for klent heller. Han
kunde vera so laak ein Kar som han vilde; han var
visst ikkje den som fann seg i at Borni hans leid vondt.
Han var paa sin Maate glad i deim, trudde Nils; iser
var Guten Augnesteinen hans; det var ingi Meining i
aa tru, at han lét deim svelte.

Fru Holmsen høyrde paa dette stundom; men rett
som det var sat ho og grét att. Og daa Avfardagen
kom, var det nære paa at ho hadde teki alle tri Borni
med seg heim.

Det var for vondt aa sjaa dei forskræmde Armingane
staa kvar i si Kraa og hikste og graate som det var
Live det galdt; ho kunde ikkje fara ifraa deim. Det
var Jomfru Henriksen som maatte gjera Aalvor av det
og faa ein Ende paa Tingen; det er vel ikkje verdt aa
piaage deim for lengi, sagde ho, og jaga Lea og Tom ut.

Fru Holmsen kunde ha éti henne. Men so tok ho
til Vite og reiste. Vaarherre fekk hava eit Auga med
Borni; Nils hadde og lova aa hava eit Auga med deim.
Det som ikkje kunde vera annarleis laut vera som
det var.

Men Borni som grét fylgde henne paa heile
Heimvegen. Ho kunde ikkje faa deim fraa seg; ho høyrde
deim gjenom Jønnvegsrammelen; paa kvar Station maatte
ho ut og sjaa etter deim; ho totte dei kom etter henne,
ropa paa henne, strekte Armane ut etter henne, bad
henne vente, vente . . . iser kunde ho so tydeleg
høyre Graaten hans vesle Tom.

Det vart kje stort likare daa ho kom heim; dei tvo
smaae var etter henne Dag og Natt, i Tankar og Draumar
og urolege Innbilningar. Ho kunde ikkje skyna at ho
hadde reist ifraa deim; ho maatte ha vori fraa Vit og
Forstand. Dei maatte heim, dei maatte heim; ho kunde
ikkje liva, fyrr ho var trygg for Borni.

Ho fekk fleire Kjolar aa sy, og rekna ut at til Jol
maatte ho ha tent so og so mykje; med dei tri Dalane
til Fanny vart det ein heil Sum. So leigde ho seg ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free