- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
33

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

33

sjølv i Dag; det fekk vera det same. Det var snart
aa vita kva han vilde tru; men Borni maatte hava
Mat; der var ingi Raad for det.

Ho kom att med Korgi full, Braud, Smør, Kaffi, Sukker.
Og Borni fekk Mat; — stakkars Krek, so svoltne dei
var. Det var lite att av Maten, daa dei var mette.

So fekk dei av seg og lagde seg. Og so vart dei
varme og sovna. Daa Gamle-Kari kom, vart ho send
til „Mangfoldigheta" med den gamle Vinterkaapa; det
vesle ho fekk for den gjekk med til Ved. Mat til i
Morgo fekk Vaarherre skaffe.

Aat seg og Fanny maatte Fru Holmsen laga ei
Fiatseng; til Underlag tok ho alle dei Fillur som i Huse
fanst, og til Yvibreidsle bruka ho Gangklædi. Fanny
som var heimkomi fraa Lehmann med ei Flaske Vin i
Jolegaave, skreik og var leid; ho sovna ikkje fyrr ho
hadde fengi heile Fillehaugen yvi seg. Det kunde daa
og vera det same. Fru Holmsen visste at ho fekk
ikkje sova kor som var.

Ho var uppe ender og daa og lagde ein Vedpinne i
Omnen; elles laag ho og smaafraus og tenkte. Ho
kom til det, at Born skulde ingin hava; ingin som
ikkje var rik . . . og ingin som var rik heller. Kva
nytta det aa vera rik? I Morgo kunde den rike Mann
vera ein Lasarus; og so stod Borni der. Og det var Uraad
for eit Menneskje aa sjaa svoltne Born og ikkje hava
Mat. Ho kjende med seg sjølv, at ho vilde stela Mat
til deim um det kneip; alt vilde ho gjera, ikkje
Spurs-maal um det; alt, um det so var det verste. Det kom
for henne, at inkje kunde vera Synd eller Skam,
naar ei Mor gjorde det til Matberging for Borni sine.
Men ein fekk lite paa Vaarherre. Naar det kneip som
verst, so hjelpte han nok. Hu, som han her nede,
han Styggen, Mikkel paa Troppi, Haltemikkel ... hu,
so rart som han hadde set paa henne i Kveld. Ja;
Vaarherre vilde hjelpe. Han maatte hjelpe. Han saag
her var Naud nok.

3 — Oarborg. II.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free