Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
35
høyrde. Det burde me daa tru. Og serleg vilde Borni
hava godt av aa tru det.
Ja, ja, sa ho; no hev me det godt; men lat oss
ikkje gløyme han som hev sent oss alt dette gode.
Igaar var det tomt Hus og alt svart; eg var reint
raad-laus; ingin Ting hadde eg, og ingin Stad hadde eg aa
gaa; men so i Natt, daa eg laag her og vakte og vreid
meg og braut Hovude mitt og visste korkje att eller
fram, so kom eg til aa tenkje paa, at det er daa ein
eg kann gaa til; og so bad eg til Gud; ja det gjorde
eg, so godt eg kunde og visste. Og no ser De at han
visste Raad! — Aa ja; me fær nok halde oss til honom
me, som ingin annan Hjelpar hev i denne Verdi!
Lea sat med nedslegne Augo og saag bljug ut; Tom
aat; Fanny glodde. Ho fekk store Tankar um Gud.
Du Mor? sagde ho um ei Rid; eg vil be’ Gud um ei
ny Rosalie. — Jaso daa, Krulltoppen, vil du det? smilte
Fru Holmsen. Ja; ei ny, fin Rosalie vil eg ha, mykje
finare enn den gamle.—Jaja, sagde Fru Holmsen, bed
du, Barne mit; er du snild Gjente, so fær du nok. —
Ja; snild Gjente skulde Fanny vera.
Lea vilde ikkje tilstaa at dei hadde svolti hjaa
Jomfru Henriksen. Det hadde berre vori liksom so rart;
dei hadde ikkje tort eta seg mette. Kva det var som
hadde gjort det ugreidt millom Jomfrua og han Far
visste ikkje Lea. Han Far hadde vori ut-paa Lande
eit Par Gongir, ned-ved Drammen ein Stad; det var
ein Gard han skulde faa styre der, trudde Lea; eller
kannhende det var ein Skog . . . Naa Gudskjelov, tok
Fru Holmsen i; kanskje det kann laga seg paa ein
Maate likevel daa! — Ho hev so mykje Skog, den
Jomfru Aaberg, heldt Lea fram. — Aa-haa! er det
Jomfru Aaberg han skal styre Skog for? spurde Fru
Holmsen vaknande. Det er visst det . . . Lea saag
utrygg ut. —Ja det kann eg tru! Det var noko for
honom! Skognymfa! Ja daa skal me nok ikkje nemne
Guds Namn her; det er visst ikkje han som hev havt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>