- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
53

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

53

enn nokon Gong fyrr, at ho burde berge Borni, men
at ho ikkje kunde. Aa, den som var Mannfolk og
kunde handle med Skog; alle Skoghandlarar vart rike no
for Tidi. Ein kom ingin Veg med aa sitja og sy. Ein
halv Dalar eller tri Mark for ein Kjole, kva skulde vel
det bli? Og finare Kjolar tok Folk helst fraa Kristiania.
Nei! at ho kunde ha innbilt seg at ho sjølv kunde
forsyrgje Borni. Det vart nok ikkje til Fanny dessmeir!
Det var fælt so mykje som den Ungen turvte. Klæde
og Skor flaug ho av seg so snøgt som ho fekk deim;
og naar ho um eit Aars Tid kom so langt at ho maatte
i Skulen — kor det daa skulde gaa, det maatte Gud
vita. Ein kunde daa ikkje forsvara aa sende Barne i
Aalmugeskulen likevel!

Umfram alt hadde Fru Holmsen Skuldine sine aa
tenkje paa. Noko her og noko der, det vart mykje
naar det vart ihoplagt. Denne stygge Mikkel paa
Troppi maatte ho no i alle Fall sjaa aa bli kvitt. Han
var so ulidande i seinare Tid at det var reint Uraad;
etter den Gongen i Joli, daa ho var inne hjaa han og
godrødde med han um aa faa Mat aat Borni, trudde
han vel at Fatigdomen hadde gjort henne spak . . ,
Fy! Nei; daa tok ho heller Borni og gjekk paa Sjøen.
Slikt eit Ufygle som han, halt og skral, med Kone og
vaksne Born . . . ein skulde aldri ha høyrt slikt!

Herre Gud, den som visste eit skikkelegt, rimelegt
Menneskje som hadde Raad og Hjartelag, og som ein
kunde faa til aa hava ein Tanke for desse stakkars
Borni! Ho leita millom Kjenningane sine, men fann
ingin som det kunde nytte med. Beda nokon av deim
um Hjelp beintfram var ho ikkje god til; og so hadde
dei no havt Bry av henne fyrr og. Denne nye
Kjenningen fraa i Kveld, Solum, han kunde ha vori noko
aa tenkje paa kannhende; han var rik og barnekjær og
visst ein Fagnamann i alle Maatar; men kva hjelpte det,
naar ein ikkje var kjend med han . . .

Ein Tanke tok henne: ein maatte kunna bli kjend

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free