- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
61

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

61 HJAA HO MOR



Tykkjer du det? — Ja. — Aa ja, sa ho Mor og smilte
fornøgd; det er ein av dei gamle Venine til Far, skynar
du; og no vil han hjelpe os med dette og daa. Ja
det er sant som du segjer; han er snild.

Men eit Bil etter vart ho Mor i Ulag att. Ho grét,
hadde Hovudverk og var leid seg. Du fær ikkje Systkeni
dine heim likevel, du, sagde ho til Fanny. Kvifor det,
Mor? — Aa, du kann vita det er han —, han —,
naa, denne Far din, veit eg! — Og so grét ho att;
aa, aa; Herre Gud, at alt skal vera so raadlaust!

Men det besna av etterkvart att; og Fanny lika i
det heile Mor si godt no. Det var aldri Tale um
Vassgraut til Middag, eller Jordepie og Salt; Smør og
Brød var der attaat, um ikkje anna; Sirup og Brød var og
god Mat. Stundom livde dei reint paa Stormannsvis,
med Steik og Syltety og 01; skulde me svelte baade
naar me hev og naar me inkje hev, meinte ho Mor,
so vart det for mykje Svelting.

Gildt var det og, at Bokbindar Lundstrøm ikkje gjekk
her so ofte no lenger. Mor var strengare mot han
enn fyrr. Og naar han kom var han mjuk for det
meste, endaa han kunde vera brysam naar han var
full. Han drøymde enno um aa faa ho Mor til Kone;
lokka med Snakk um aa flytja til Kristiania; der skulde
dei stelle seg til Rettes i en hygglig vrå og ha det
godt, „äta franska brödet med smör och ost"^og drikke
Bayerøl. Men ho Mor brydde seg sjølvsagt ikkje um
han. Sume Tider letst ho tru at han hadde Kone og
Born i Sverig; kva vil De med fleire, Lundstrøm? De
er daa kje Mormon? Lundstrøm lagde Handi paa Hjarta
og svor ved sin „heder". So gav han seg til aa banne,
og baud seg paa Resten til aa-fara til Sverig og koma
att med „rena papir". „Vil ni ha mig då, Fru’Holmsen
— Men ho Mor vilde ikkje hava ’n koss det snudde.

Ho stelte meir med Fanny enn fyrr, hjelpte henne
med Katekismusleksune, fortalde henne um Jesus, svara
paa Spursmaali hennar um alskyns Ting, og freista paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free