Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
63 HJAA HO MOR
ikkje eg noko aa segja! Plent som eg skulde vera eit
framandt Menneskje. Det er greidt at det er han som
stend attum. Aa, berre ikkje Gud ein Gong læt han
faa Like for alt det vonde, han hev gjort meg!
Etterkvart var det likevel som Borni vart meir
gløymde. Lea tok til aa skrive Brev heim; og etter
desse Brevi saag det ut som alt gjekk godt paa Elmerud. —
— Ein fin Morgon vakna Fanny og var aaleine i
den store Sengi. Og det var ikkje ho Mor, men
Gamle-Kari, som sat burtmed Borde og drakk Kaffi.
Er du vaki no daa, Svi velsvansen? spurde Gamla.
Eg er kje nokon Svivelsvans for deg, eg, du! lagde
Fanny imot. Kor er ho Mor helst? — Ho Mor er reist
burt. — Kor er ho reist av daa? — Naa; hugsar du
kje det no lenger, Lurvehetta; ho skulde ut paa Lande
til Lensmand Berg og sy ein Kjole, veit eg. — No
lyg du, Kari! — Aa, dei Ungane; no hev ho gløymt
det. Jau daa; ho skulde til Lensmann Berg aa sy ein
Kjole. — Kor helst er Lensmann Berg daa? — Aa han
bur so ei fem-seks Mil herifraa; kva skil det deg? Upp
no, so skal me sjaa til aa faa paa oss Klædi. — Nei!
du skal segja meg naar ho Mor kjem att, du, — Kari
Trestakk! — Ho kjem, naar Kjolen er ferdug; i Morgo
eller i Overmorgo eller ein annan Gong; kann ikkje
det vera det same, naar du hev meg? Du skal kje
lide nokor Naud, Bustelurva! — Reiste ho Mor aaleine
heile den lange Vegen daa, Gamle-Kari? — Eg tenkjer
det var einkvar som skjussa ho, eg! — Kven var det
som skjussa ho daa du? — Det kann vel kje eg vita.
— Kvi reiste ho so tidleg daa, du? — For di at du
skulde faa noko aa spyrja um, Trollungen! Saah, kom
no, Mor; so skal me faa paa oss.
Men Fanny vilde klæde paa seg sjølv. Ho gjekk og
vasa og vabba til langt paa Dag; spurde etter Mor og
leita etter Plaggi sine; det som Gamle-Kari fann fram
var ikkje det rette; ho kunde ikkje faa det paa seg.
Kari freista sistpaa med Magt; men Fanny var for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>