Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
77 HJAA HO MOR
no tok ho til aa forstaa, kva dei sagde og. Nei sjaa
den Spretten, han som var so kaut i Fyrstningi; no fekk
han sjøvondt; ha, ha, for eit Stakkarsting. Sjaa der! no
maatte han stad og brjote seg att; ha, ha, ha! ha, ha, ha!
— „Hyss, hyss; hyss da"! —
Det var ein gamall keid Fyr som visst var Far til
den roseraude; det var ein stor Tosk; han vilde ikkje
at Dotter hans skulde faa Sjøoffiseren. Liksom ho skulde
kunna faa nokon betre Mann! Men no skulde me sjaa;
no kom Sjøoffiseren. Og her paa Baaten var han
Herre!
Uf! Aa! Gud trøyste oss! Dei hengde Gamlingen
upp! Aa! — Hyss daa, hyss daa! — Fanny kjende
som ei Skaking i Oksli si; det vart kviskra noko i
Øyra hennar um aa „vera still", bli „kasta ut" . . .
Still? Sat ho ikkje still kanskje? —
Aa Gudskelov; aa, den Gullguten til Kaptein; — alt
ihop hadde sjølvsagt berre vori eit Knip til aa skræme
Gamlingen. Og no gav han seg au. Aah! no fall dei
i Armane paa kvarandre. Aah! uff! tenk, dei kysste
kvarandre . . . tvo Gongir, tri Gongir . . . Fanny vart
heit der ho sat. Men det var sant; dei var forlova;
det var kje noko gali daa ... Og so song dei og var
glade. Ja no kunde dei nok vera glade; iser ho; iser
ho ... Aa den søte Kapteinen.
Ish, den Duken daa; der vart han dregin fyri att.
Gjev det ikkje vilde vara for lengi; for no kom Bryll —
... Eit Brak fossa gjenom Salen; daa ho skulde sjaa seg
i kring stod alt Folk og klappa med Hendane. Damune
og hadde reist seg. Kva var det for Slag; vilde dei
gaa? Eit nytt Brak brusa gjenom Salen; so gjekk
Duken upp; no byrja det att . . . Naa —? Dei berre
bukka; og so drog Duken seg ihop att . . . „Kom no
Fanny," sagde Fru Miihlberg. Fanny vart reint
hug-sprengd; det kunde daa vel kje vera slutt? Folk drog
seg aat Utgangsdøri. Gudskjelov; det var nokre som
tok til aa klappe att; „Mer Di!" „Mer Di!" ropa dei;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>