Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
89 HJAA HO MOR
ei Skreid av drustelege Vognir og Ekvipasjur so lang
som fraa Fru Mühlbergs Hotell til Borgarskulen. Det
var ofte fine Bryllaup her, daa her var so mange fine
Folk. Og so kunde ein faa sjaa Kongen, naar ein
budde her. Mest kvart Aar. Og daa var det vel Stas.
Du store min; slikt kunde ein kje drøyme um
dessmeir der uppe paa Bondelande. Fyrst kom det gule
Kore, som var reint gullklædt og reid paa staute Hestar;
og so var der Soldatar med Bajonettar paa Byrsune
plent som i Krigen; men Kongen køyrde i ein
urimeleg gild Landauer med fire Hestar og hadde ein raud
Fjørdusk paa Hovude. For han gjekk kje med Kruna
naar han var ute; det sagde seg sjølv. So maatte ho
fortelja um Sirkus og, som ho snart skulde faa sjaa;
der var Hestar som kunde danse og ein dressera Gris;
— dressera var det same som upplærd. Dessutan var
der ei Miss som dansa paa Line — Miss var det same
som Frøken paa engelskt —, og tvo lystige
Skjemtegaukar som gjorde Gapestykkje. Nei det var so mykje
aa fortelja um, at ho aldri kunde bli ferdug. Det var
sant; ho fekk ikkje gløyme at ho hadde vori i
Trefol-dighedskyrkja. Det var ei rar Kyrkje, maatte dei tru.
Ho var bygd paa utanlandsk Gjerd med ein stor
Rund-kvelv; og tenk, ho var aattekanta; men inni var ho
rund. Ein søt ung Prest var det der som heite Pastor
Løchen; det var ein søt Prest. Og so fekk ho
endeleg ikkje gløyme aa fortelja um alle dei naudfine
Sümar-klædningane ho hadde set; i Kyrkja var der og mange
gilde Klædningar; alle fine Damur gjekk og høyrde
Pastor Løchen, maa tru; for han var so umaateleg god
til aa preike. Uff; det vart so endelaust mykje; berre
ho ikkje gløymde Helvti. Um Mor og seg sjølv turvte
ho ikkje skrive stort. Ho kunde fortelja at dei budde
nære ved ein stor Hage som het Tøienhagen, og at
Huse som dei budde i var trihøgt. Og so kunde ho
segja at dei budde i fyrste Høgdi; for det var greidt
at fyrste Høggi var den finaste. —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>