Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
98
HJAA HO MOR
er det? — „Det er det gule Kor!" — Aah, aah! du
store Verdi! Fanny glodde mest Augo ut or Hausen
paa seg. Og no kom han vel snart? Ja; no kom
han snart. — Kom han ikkje snart no daa? Jau; det
vart ikkje so lengi no. Endeleg peip Træne ute ved
Oslo. Kjem han no? — Ja! ja! no kjem han! —
Endeleg! — Endeleg, sa Jomfru Pedersen ho vart
trulova! —
Fanny fekk sjaa han. Daa visst saag ho tydeleg ein
Mann med raud Fjørdusk. Men det gjekk alt so
brennande snøgt. Det gule Korpse sette Hestane sine i
Gang, Vognine køyrde; „giv Agt, fremad Marsch!" —
Soldatane marsera; upp gjenom Jønnbanetorgi vart det
ropa Hurra; og so var det slutt. Men ho hadde set
han; ho hadde set han.
Paa Skulen fortalde dei henne næste Dagen, at
Kongen ikkje hadde havt nokon raud Fjørdusk. Kongen
hadde havt ei flat Luve med breidt Gullband; den
med Fjørdusk var berre ein Adjudant. Fanny grét
av Sinne. „Ish, so leie som de er!" Um Eftan skaut
ho det til William. Er det kje sant, William, at han
med den raude Fjørdusken var Kongen? William saag
blidt paa henne og nikka. Jau daa, sa han; eg er stød
paa at du hev set Kongen, Fanny. Aa, den søte Guten;
ho kunde eta han upp . . . Jau; det maatte vera henne,
han var glad i. —
Ein Dag i Fristundi kom Emilie og Karoline
løyn-vorne og høgtidsame burt til Fanny og spurde, um ho
hadde Hug til aa spéla Komedie. Komedie, ja? —
Hyss, ikkje so høgt ... — Spélar de Komedie daa?
kviskra Fanny. Me er med paa Teatre, sagde Karoline.
Fanny spilte upp Augo; kva for eit Teater? —
Kristiania Teater vel! — De? — Ja, me!
Emilie krydde seg som ein litin Fugl; Karoline var
høg og fornæm som ei Kunstnarinne.
Fanny vart baade raud og bleik; no vil de hava meg
til Narr, sagde ho. Men nei; dei vilde ikkje det. Ho
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>