- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
117

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR

1 17

dreiv Tidi for Grete med Rispur fraa Teaterkulissen,
og Grete fortalde Fanny um det fine Skyldfolke sitt.
Ho hadde ein Onkel som var Oberstløytnant; og so
hadde ho ein Fetter, som skulde bli Oberstløytnant;
no for Tidi var han Kadett og fridde til Syster hennar.
Namne hans var Horn. Han er elles svært snild mot
meg og, lagde Grete til.

I ei Krambu nære ved stod det tvo vene
Handels-sveinar; Fanny og Grete huglagde kvar sin og var
sidan Bestevenir. Kvar Dag var dei inne hjaa Sveinane
og kaupte Sukkerty; Grete betala, men fekk Skillingen
att; og Sveinane var svært hugsame. Fanny gløymde
mest William; tvo so ædle unge Mennar som Torvald
og Henrik fanst det ikkje i Verdi.

Daa det vaarast og vart turt, gjekk dei i
Frogner-skogen. Det var so romantisk der, sagde Grete; Fanny
totte au der var vent. Det var mest som paa Bilæte
ho hadde set: tette Skogholt; ein kaat Bekk nedi ei
tre-grodd Dokk; ein still Dam; ein gamall Herregard
med Taarn. Folk var der au aa sjaa, Studentar og
ymse Slag; ein Gong kom dei yvi eit Parfolk som laag
att-under ein Runne og kystest. Fanny raudna; uff
so simpelt, sagde Grete. Dei tala ikkje meir um det;
Grete var visst fælande fin. Men dei gjekk sidan ofte
i Frognerskogen; og det høvde seg so, at dei kvar Gong
kom framum den Runnen. Men dei fekk ikkje sjaa
noko slikt oftare.

Mest hugnadsamt vart det etterkvart aa sitja i
Slottsparken og lesa Romanar. Grete skaffa Bøkar; ho laante
deim av Systrane sine, sagde ho, eller fekk deim av
Kadett Horn. Det var Dumas, Ingemann, Paul de
Koch, Bjørnson; morosamt og forunderlegt var det alt.
Aa tenk! um Verdi var slik. Aa gjev Gutane var
Riddarar; og tenk, um Bøndane var som Arne og
Synnøve. Ja dei er slike paa Vestlande, sagde Grete.
Uff, kvi kann me kje reise til Vestlande daa? spurde
Fanny.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free