- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
147

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

147 HJAA HO MOR



skikkeleg Uppsyn med deg, Mor mi. Det er ikkje so
endefram i Verdi som du trur, skal eg segja deg; sjaa
paa Tom . . . Jau, han skal faa paa Nasen, den Kvelpen,
so han ikkje skal koma der meir! Slik ein Gutunge!
— Fanny torde ikkje segja meir. Um Kvelden var
Mor i Byen. Ho kom heim att og saag fornøgd ut;
no tenkjer eg du er trygg for den Friaren, sagde ho.

— Med Hjelp av Thorseng fekk Fanny Plass for
Joletidi paa Vollmanns Basar. Ho skulde vera der i
halvannan Maanad. Og for den Tidi skulde ho hava
ei Løn paa seks Spesidalar.

Fanny kunde ikkje løyne at ho var byrg, daa ho
for Mor si nemnde denne Sümen. Seks Dalar —; og
det for so stutt ei Tid som halvannan Maanad! Ho
hadde ikkje trutt at det kunde vera so lett aa tena
Pengar, sagde ho. Det harma henne, at ho Mor ikkje
syntest bli forundra. Men det var no so med ho Mor;
det var aldri noko som skulde vera godt nok aat henne.

Seks Dalar ... alt ho turvte kunde ho faa for deim;
og so vilde det endaa bli att noko. Du store Tid!
So snart ho var ferdug hjaa Vollmann, gjekk ho til
Fru Gundersen. Paa Timen og Stundi. Ikkje ein Dag
vilde ho spille. Paa Teatre var Rom for ho,
Gudskjelov; paa Teatre var Rome hennar; Direktør Josephson
hadde endaa beintfram ynskt henne „välkommen åter".
Aa, Gudskjelov; aa, Gudskjelov; det jamna seg nok; det
var styvelegt av ho, at ho alltid so snart vart modlaus.

— Ho stod paa Vollmanns Basar fraa Klokka aatte
um Morgonen til seint paa Kvelden.

Det var annsamt i Krambui og mykje Uhug. Fanny
var ny og kunde ikkje noko; mest alt ho gjorde var
gali; og so vart det Grining jamt. Dei var fælt leide,
desse Krambu-damune. Det stod Uhug av deim paa
alle Kantar; dei var grettne med Ryggen, med Nakken,
med Enden; Aalbogane skjelte med rykkjande Rørslur
mest høgt. Eller ho fekk det som ei Rangøygning fraa
Sida, ei Skjekkjing med Munnen, ei Krulling paa Nasen;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free