Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
154 HJAA HO MOR
Mor spurde ikkje. Ho gjekk berre og var leid: Frøkni
fær orsaka; her er ikkje Steik og Vin; — du fær takke
deg sjølv for, at du berre fær Sirup paa Brøde. Ish;
den som kunde faa døy. So kunde dei faa trega det
dei, som no gjekk og pinte Live av henne. Men daa
var det for seint. Ja gjev ho fekk døy. Aa Herre
Jesus, kom og tak meg ....
Nyaarsaftan kom ho heim med sine seks Dalar. Ho
sjangla burt til Borde med deim og lagde deim der.
„Versgod," stunde ho. So sjangla ho burt i Sofaen.
I Kveld skulde det bli sagt. Det var det same no;
ho kunde gjerne unne Mor si den Gleda til Nyaar.
For no døydde ho kor som var. Det glødde og isa
gjenom heile Kroppen. Det svimra i Hovude ; i dei
siste Dagane hadde ho havt Styng i Hjarta. Aa gjev
ho fekk døy. I Dag hadde ho mest ikkje kunna klara
det; det var rart at ho hadde fengi krabba seg heim.
No fekk ho visst sleppe burt fraa denne Jammerdalen.
Jesus . . . Jesus skulde vera Brudgomen hennar. Aah,
ho var so trøytt. Englane skulde gaa i Festferd med
lange Palmegreinir . . . upp gjenom heile Vor Frelsers
Kyrkje. Fagre Brurpikur. Huff! det var so kaldt;
huff! kor ho fraus. Kvifor hadde dei ikkje skikkelege
Omnar i denne Krambui? — Kva? Eta? Strakst,
Mor . . .
. . . Det var Gaasesteik og Vin. Dauden i Lybekk stod
og skar fyri ... ish ... Du Lea; sjaa meg til Fru
Lea; den Kjolen der syner misann Smak . . . ish, nei;
aldri i Verdi . . . Nei, nei, eg vil ikkje, Mor! eg vil
ikkje; eg vil ikkje ... — Kva er det, Barne mitt;
er det smaatt med deg? — Nei daa, Mor . . . Seg
meg, kven er det, han den andre —? — Kven andre?
— Han den andre . . . ved Borde . . . han med Haare
ned-i Augo ... —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>