Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO AIOR
155
XIV.
Daa Fanny um nokre Vikur kom seg att av
Lunge-sotti, var det som alt var gløymt.
Det vart ikkje gjeti eit Ord um Tollaren. Berre eit
Brev fraa han fekk ho; og der freista han sjølv aa
jamne det burt. Han vilde vone at han ikkje hadde
vorti mistydd. Venskapen hans var ærleg, det torde
han segja; og han vilde vori glad, um han hadde fengi
Lov til aa tryggje Framtidi for henne; men det var
greidt: i denne Saki var det ho sjølv som raadde; og
han bøygde seg for hennar Avgjerd, endaa naar det
gjekk han imot. Det var for honom ei Ulykke; den
fekk han bera so godt han kunde. Dersom ho fekk
det godt i Verdi, so vilde han ikkje ynskje meir. Han
vona at alt kunde vera som fyrr millom deim, men
vilde likevel beda henne minnast, at ho i honom hadde
ein Vén som ho kunde lite paa, korleis det so gjekk
henne i Verdi.
Gudskjelov; so var den Sorgi sløkt. No galdt det
berre um aa faa ein Post att. Og ho Mor var rimeleg
og hjelpte henne aa søkje. Gjenom Kjentfolk fekk ho
spurt upp ein Post paa heile tvo Dalar Maanaden, som
Fanny kunde faa; det var hjaa Bakar Schulze i
Karl-Johans-Gata. Fanny treiv til med baae Hendane. Kva
gjorde det, um ho vart Bakarjomfru? Um eit Aar
vilde ho eige fire og tjuge Dalar. So gjekk ho til Fru
Gundersen; og so til Teatre; og naar ho kom dit vilde
alt gamalt vera gløymt.
Fanny skulde hjelpe til i Kakebui; elles skulde ho,
naar det var Tid, vera til Hjelp i Huse. Ho vart halvt
Bakarjomfru og halvt Tenestgjente; fekk det annsamt,
men godt. Rom og Seng hadde ho ihop med Jomfru
Vold, som stod saman med henne i Kakebui.
Klokka seks um Morgonen skulde dei upp. Ei Gjente
vekte; var ein ikkje paa Føtane um fem Minuttar, kom
tjukke Schulze i berre Skjorta lynande sint, og banna
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>