- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
156

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

156

HJAA HO MOR

paa Norskt og Tyskt so det lyste ikring deim: Klokka
var Mittag! Arbeidsdagen vart lang; men det gjorde
ikkje noko; det var all Tidi so livlegt. Jomfru Vold var
hugsam og snild. Ho lærde Fanny aa stela Kakur; dei
hadde Lov til det, sagde Jomfru Vold; og det sagde
seg sjølv at ein burde halde seg til dei finaste. Fanny
livde høgt paa Natekakur, Rumkakur, brunsteikte
Mandlar; var det ikkje fleire att, so tinga dei hjaa Sveinane.
Hjaa deim var det aldri nei; „javel, javel, Jomfru," blinka
Meistarsveinen; „hvi skulde vi ikke forsøde hverandre
Livet:

her i Verden maa man lukke
tit det ene Øie til!"

Fanny aat godt i det heile. Fru Schulze, ei liti
triv-leg, brunøygd Sørtyske, sint som Krut men snild, skjelte
paa ho for ho aat so schrechlich, men rette alltid Fate
til henne paanytt; spis, min Barn, spis, min Barn! —
Gamle Schulze studde attaat. „Naar Mutter siger spis,
min Barn, so kann du spise trigt!" paastod han. Fanny
aat. Og ho blømde og vart feit, fekk heiltupp Tvihöku.
Med sitt gode Hold fekk ho og att sitt gode Huglag;
dei siste Restane av Konfirmasjonsgudsfrygti hennar
vart burte som Eim. Ho gløymde endaa Kveldsbøni si.
Ho hadde ikkje det Grand Bruk for Vaarherre.

Ho vart vill. Ein ustyrleg Hug til aa leike og kjæte
seg kom yvi henne; Jomfru Vold fekk ho og lokka
med. Mang ei Natt naar Husfolke trudde dei sov, sat
dei nedi Bakar-rome hjaa Sveinane og heldt Leven.
Sveinane var unge, lettvinne Gutar, mjølkvite og kvike,
fulle av Skjemt; dei sagde ikkje Nei til Gjenteselskap;
Nattlive deira vart til Morgonsong naar Gjentune kom,
sagde Meistarsveinen; eitkvart godt til deim hadde dei
alltid; —

„Aurora aabnede sin purpurfarvet Dør;
skjøn Jomfru vil du ha ei Kake bakt i Smør?"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free