- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
157

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

157 HJAA HO MOR



Det vart steikt Rumkakur og brent Mandlar; kanskje
vart det sett fram eit lite Glas Vin til deim au; kvar
Vinen kom ifraa, „kunde ikke revelere videre". „Se
saa, mine Damer, æd og drik og vær elskværdige!"

— „Spis, min Barn, spis, min Barn," hermde Fanny;
„naar Mutter siger spis, min Barn, kan du spise trigt,
Jomfru Vold!" — Ha-ha-ha! — „Ja Mester er’nte dum!"
. . . „Naar Vand er god, so er Vand god, aber Vand
er aldri god!" sier Mester. „— Ha-ha-ha! Hi-hi-hi!"

— „Immer gemüthlich"! — „Ja naar Deigen gaar!"

— „Ja ja;

uden 01 og Mat er Helten ingenting;

men Kaker og Vin skal en Pige ha og andre søte Ting."

Det var klene Karer, som ikkje kunde bjode deim
so mykje som ein ærleg Svingum, totte Fanny; „uff, je
er so dansegal i Bena at; — uff!" „Svingom? Her?
Paa Flekken! Ih, du kinesiske —! Kom, kom!" —
Uh! — Uffda! — Ja sjaa der hadde me Kvinna; der
hadde me Kvinna . . . Naar me ikkje hev Hug, so
vil ho; men naar me kjem med opne Armar, so heiter
det: uh!! — uffda!! — „Det gaar da ikke an aa danse
med en Melsekk likevel!" — „En Pige som vil danse,
danser med Krohgstøtta.

Nei intet paa Jorden kan lignes ved et Bal;
en Pige som danser, hun virker i sit Kald . . ."

Aa ja; kva er Kvinna? Kvinna er det siste og største
Fantestykke Vaarherre gjorde, segjer Diktaren. — Kva
er Mannen daa? — Mannen er anten gift eller ugift,
anten raka eller uraka, anten fastande eller full; aa ja!
Kva er Live? Kva er Menneskja? Was sind wir
Menschen, sagte der Wallfisch ... Ei Jomfru spyrr um
meir enn tie Meistarsveinar kann svara paa. Gakk til
Shakespeare. Kva segjer Shakespeare? Kvinne! ditt
Namn er Svik; Mann! ditt Namn er Lars . . . Den
Shakespeare var ingin Tullebukk!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free