- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
166

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

166

HJAA HO MOR

Tidi og vaske Tye hans. Dessimillom sat Lea i
Barnerome og var Mor. Naar han vakna var han blid og
i Godlag. Datta liten Tukkeltoppen min, sagde Lea;
kann han som er so jakkel og fin verkeleg vera so
leid um Nætane? Berre det ikkje er du som er leid
med honom? ikkje passar han skikkeleg? . . . hugsar
kanskje ikkje paa aa gjeva han Flaska dessmeir? Kva?
— Ja-ja; ver ikkje for trygg; eg er ute og ser um
dykk ein Gong imillom; eg hev aldri set anna enn at
de søv nokso trygt daa!

Halvsovande og dauv gjekk Fanny um i Kjøkeimen
og den søtkvævne, innestengde Lufti i Barnestogo; ut
kom ho mest ikkje, so nær som naar ho gjekk Ærend
i Byen. Ho fekk aldri ein Skilling; Lea kunde ikkje
forstaa kva Fanny skulde med Pengar. Stakkars
Thorseng, sytte ho, naar Fanny einkvar Gongen slo frampaa
um den skrale Skobunaden sin; han hev so mange
Utgiftir, so eg skynar ikkje at han kann staa i det; og
so er han no komin upp i eit Hus, som —; det er
vel ikkje nok at han greider Husleiga for ho Mor og
deg; han skal vel dertil halde dykk med Klæde?

Fanny vart sprutraud. Ho nemde aldri frampaa um
Skobunaden sin meir.

— Ho var Syster i Huse og maatte daa vera med,
naar der var Framande; det var ikkje noko vidare Moro,
totte ho. Tollaren gjekk her like radt; i Fyrstningi
hadde han haldi seg noko mindre framme, men var
no reint som fyrr att. Han bar „Ulykka" si utruleg
lettvint. Nye Andlit var det sjeldan aa sjaa; likevel
bad dei stundom til seg ein Student Uchermann, Son
til ein Vén aat Far av Thorseng. Uchermann skulde
vera noko paa Avvegar, vart det sagt; han var komin
i laakt Lag; og det kunde gaa gali med han, so han
vart „Vinstremann"; men det var Bergingsvon endaa,.
trudde dei, dersom han kom inn under god Paaverknad;
og det var nok den, han her skulde faa. Det var ein
litin rar Fyr, mager, ljos, ikkje reint ung, fælande

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free