Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
181 HJAA HO MOR
XVI.
Um Kvelden fylgde ho Dorthe paa Samling.
Ein reisande Missjonær tala i Frimenigheiti; han
hadde Anden i forunderlegt Maal. Han tala heile
Kvelden berre til Fanny.
Han forsikra henne, med ei Kraft so ho maatte tru
han, at Jesus i Kveld venta paa henne. Han hadde
fylgt henne lengi; ofte nok hadde ho kjent Kalle hans;
stundom hadde ho vel freista aa fylgje det og; men i
Kveld venta han paa henne. Verdig? Ikkje verdig?
Jesus vilde ikkje hava nokon som var verdig. Dei
som var verdige kunde gaa til Farisæarane og dei
Skrift-kloke. Jesus vilde hava dei uverdige han. Dei
fortapte vilde han hava; dei øydelagde, dei forkomne,
Utskote, dei som der ingi Raad lenger var med. Hev
du ikkje nokon Stad aa gaa av? Er det ingin som
hev Bruk for deg, ingin som vil vita av deg? Er du
pint, skræmd, tyngd; er du talma av Synd og Skam
so du ikkje kann sjaa Folk i Augo; er det noko ved
deg, noko gali, noko leidt, noko som du ikkje kann
tilstaa for din beste Vén . . . kom, Menneskje! det er
deg, han vil hava! det er deg, han ventar paa! Er du
ikkje buin? Hev du ikkje Anger og Trege; er du
ikkje botferdug; er du ikkje som ein bør vera naar
ein skal hugvende seg; elskar du Verdi og dei Ting
som er i Verdi; elskar du Syndi, so du ikkje kann
rive deg laus; hev du Uhug til Gud og hans Ord;
vanvyrder du Herren og hans heilage . . . Det var daa
rettugt vel. Det er dei ubune, Jesus vil hava; dei
bune, lat deim gaa til Prestane! — Dei ubune vil Jesus
hava, so han sjølv kann bu deim. Det var deim han
døydde fyri! Kanskje du trur han lét Live for dei
verdige og fyribudde? dei som ingi Frelse treng? Kjære,
ver no ikkje faavis daa. Du kann ikkje hjelpe deg
sjølv, veit du; kvi maa daa ikkje han faa gjera det?
Er du brydd? Skjemmest du for aa beda um Hjelp
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>