Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
216
HJAA HO MOR
Han hædde so hardt desse Smaafolki som hadde
Hugen sin hjaa Vinstre men dulde Meiningane sine av
Umtanke for Maten ... ho klara det ikkje:
Fante-herk, Lurveherk, skjellte han, ræddkulsne, jammerlege
Armodsting . . . vilde alle taka det paa den Maaten
so vart inginting gjort. Eg t. D., som skal liva av
aa gjeva Timar . . . det er greidt at eg fekk meir
Søkning um eg ikkje var Vinstremann; men eg vilde
sputte meg sjølv i Augo den Dagen eg fann paa aa
bry meg um slikt! — Uff; alle Folk var so fullkomne.
Ho freista aa rette seg upp att ved aa vera fælt
radikal uppe hjaa Thorseng. Ho trættast med Tollaren
so det rauk og fauk; preika Vinstrepolitik og
Kvinnesak i villande Sky; hugsprengde Thorseng ogvitskræmde
ho Mor; lika godt aa vera Vonløysa i Huse. Men det
var raadlaust aa faa Tollaren vond; han var berre
vigtig og ulidande. Lat Kvinnfolki snakke, det er mitt
Ord; di meir dei snakkar, di mindre vert der av det,
smatta han yvi Steiki si, — desse nymotens
Kvinnfolki meiner eg, mine Damur!
— Um Sumaren laag Thorsengfolke paa Lande; dei
hadde eit lite Hus ute paa ei av Øyane. Ho Mor
fylgde med som vanleg; der var serleg Bruk for henne
no, daa det var komi ei lita Prinsesse. Fanny vart
aaleine heime; og Einsemdi var uhyggjeleg. Det fylgde
ein Otte med som ho ikkje kunde faa Magt yvi; det
var som ho skulde ha gjort noko vondt, og som det
var einkvar som var misnøgd. Ho vart modlaus og
magtlaus, vanhuga og arm. Alle Mødur vart og verre
naar ho var aaleine, baade Lüneridine og det andre,
— uff, dette andre som enno ikkje var slutt . . . Jau
det var slutt. Det var slutt. Ho var vaksi Menneskje;
det sagde seg sjølv at det var slutt . . . med hardsett
Trass negta ho det for seg sjølv, um so den unge,
mogne Kroppen gaus og skalv i dei feberheite
Kjens-lune. Det var ufysi, pinefullt, avvyrdande; det kunde
plaage henne til ho grét, og vart ofte til lange Ridir
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>