Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
222
HJAA HO MOR
sagde Lea; ho saag ut gjenom Vindaugo; kjære, kann
du ikkje gjera det? Du ser du toler ikkje denne
Kram-bui. Fanny forstod at Lea meinte det godt; ho fekk
mest Taarur i Augo. Takk, Lea, svara ho; det er svært
hyggjelegt av deg; men eg hev no fengi Smak paa aa
vera sjølvhjelpt, ser du.
Doktaren raadde henne ifraa aa gaa i Krambui att.
Kann De kurere meg for Mathugen min daa? spurde
Fanny. Doktaren vart kvat; det maatte ikkje finnast
Mennar, sagde han, dersom ei Gjente som De skulde
maatte staa i Krambu for den Tings Skuld! — Naa,
paa den Maatan, sagde ho og snudde seg burt. Doktaren
heldt fram med eit serskilt Tonelag: De vilde ikkje ha
vondt av aa gifte Dykl^, Frøken! —
Det Dyre; han vilde vel ikkje -»-? Det gamle Beiste;
noko so simpelt, noko, so ukjurslegt . . . Ho frøste og
gjekk, gøymde seg i Koven sin„og grét; — vilde det
Svine innbille henne, at han kunde vita noko um
sovori?-Aa, aa; der var daa ikkje Grense; der var ikkje»Grense!
— Ho gjekk til Krambui att, so snart det berre var
Raad. —
— Ilsnæs hadde fengi ein Post i Kreditbanken; i
Staden hans hadde Moe vorti Fyrstemann. Han var
beinsam og snild; ho fekk gaa inn paa Upplage og
setja seg so ofte ho vilde. Den nye Upplagsdrengen,
ein snaal, krambufin, guteleg Fyr, var galant og tok
„med Fornøielse" paa seg Arbeide hennar i Krambui.
Han gjorde Kur liksom det var noko som til høyrde,
og fridde um aatte Dagar; Fanny kunde ikkje anna
enn læ: nei men trur De me skal tenkje paa det daa,
Rasmussen? — Ja eg elskar Dykk, eg! forsikra han.
— Ja men skal me ikkje tenkje oss um nokre Aar
fyrst? — Som Frøkni vil ha det . . . De er ikkje
fornærma, vonar eg? —
Verre vart det daa Moe fridde; det var Aalvor der.
Det kom uventa og gjorde henne svært vondt. Ho
trøysta han so godt ho kunde; ho var ikkje noko for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>