Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
225
„ . . ja det er godt daa paa ei Vis . . . tenk, eg kann
ikkje elske! — Ho glytte burt aat han fraa Sida; ho
saag, at han skifte Andlitsbragd. So sagde han: aa
Snakk; du er berre ikkje av deim som ein kann vinne
med fagre Ord; den som skal vinne Valkyrja maa
kunna ride gjenom Elden! —
Uff; han var hugtekin; aa Gud, som alt var
raad-laust. Hu, slikt eit stakkars Kvinnfolk som berre kunde
gjera Ugagn der ho for; kvi kunde ho no ikkje elske
slikt eit utifraa Menneskje som han var? Kanskje
totte ho ikkje han var ven nok? ung nok? Kanskje
kunde ho ikkje elske andre enn finstrokne, mjølk-leitte
Sprettar ... uff; gjekk ho enno, kannhende, og sukka
i Løynd for Medisinaren sin ? Uff nei; so laakt var
det daa ikkje med henne. Men endaa —!
No vart ho vel nøydd til aa skilja Lag med
Uchermann og. Ja, ja; det var so; naadde ein i Live noko
godt, so skulde det daa visst ikkje vara. For si eigi
Skuld maatte ho vel og gjera det. Ho hadde tydeleg
høyrt Venir fraa Arbeidarsamfunde murre attum Ryggen
hennar: „Fru Uchermann" . . . Gjæve, høgtenkte
Folk; Sjælir fraa Rennesteinen ... Og ei
Krambu-gjente laut serskilt agte seg for Folkesnakk; slike
Da-mur vart ikkje trudde meir enn so. Ho hadde Ord
for aa vera ei fri Kvinne og; slike vart heller ikkje
trudde; dessutan ... ho Mor . . . fall det den minste
Skugge paa Dotteri, so kunde Folk taka til og spyrja
meir etter um Mori med; aa Gud, kor ho maatte vera
streng; framifraa streng . . .
Ræddhug. Den som hadde godt Samvit maatte kunna
klara eit Grand Folkesnakk. Ho hadde kje Raad til aa
sleppe fraa seg ein Kammerat som Uchermann; han
søkte henne jamt au; og Gud, kor løglegt han vilde
tykkje det var, um ho med ein Gong tok til aa slaa
Damekrullar. Uchermann hugtekin? — Tøv. Nei!
som ho var sjølvgod. Ho gjekk her og totte ho var
ven; gilda seg av den fine Panna si, det gilde lokkute
15 — Garborg. II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>