- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
230

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

230

HJAA HO MOR

Alpane, sjaa Verdi . . . um alle andre Draumar brast,
noko av Verdi laut ho daa faa sjaa; ho kunde ikkje
døy fyrr; kva skulde ho ha vori til for elles! — Gjev
meg Pengar til ei Utanlandsferd, og so . . . lat skure
. . . eg som andre ....

Ho lo aat seg sjølv sistpaa. Ja vel, det var rett;
Greidleik i Handelen; segja Prisen med same! Eg
kostar ei Italiaferd; De fær meg for so og so mange
hundra Dalar kontant; ha, ha, ha! — Ho bad Mor
si halde Munn med Tollarsnakke sitt og gjekk attende
aat Krambui.

Men daa Lea ein Dag kom og sagde, at Thorseng
bad um aa faa laane henne Pengar til eit Skeid paa
Lærarskulen, fall ho graatande um Halsen paa Syster
si og sagde Takk. —

— Fraa Hausten gjekk Fanny paa Lærarskule.

Det var eit nytt Tiltak, som gav ny Von. Ebba
sagde nok, at ho ikkje maatte gjera seg store Tankar;

— du fær meir Fritid, sagde ho; men Fridomen skal me
ikkje tala um; me hev hundra Husbondar for ein, og
Tilsyn baade framme og bak, liksom me var paa
Tukthuse. Men Ebba hadde det med aa laste paa alt; det
var vel ikkje so gali som ho sagde. Du er daa sjølv
mest Fritenkjar, sa Fanny; og naar det kann gaa . . .

— Ja innanfor Stogudøri ja, svara Ebba. Naa; likare
enn aa staa i Krambu er det vel alltid; er ein Lærar,
so kann ein daa sova um Ettermiddagen ... —

Fanny sat paa Skulebenken reint uppsett paa aa
lære; tok inn historiske og geografiske Kunnskapar
som det skulde vera Dropar, og var serleg gløgg i
Religionstimane. Ho hadde vori brydd med mange
Spursmaal i seinare Tid; dei skulde ho endeleg no
faa Svar paa.; det var sjølve Pastor Løchen som var
Religionslærar.

Ho vart styrkt i Trui si og. Det stod æveleg fast
at me var Syndarar; altfor mykje kjende ho sjølv
Syndsens Lov i Lémine sine. Frelse trengde me til;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0236.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free