- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
241

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

241

Lærar-yrkje; men det gjorde kje noko. Ho iddest ikkje
tenkje so langt. I Kveld skulde ho raake Gram; og
so skulde dei gaa heilt ut-yvi til Grønlia . . .

Det var ein hyggjeleg Kar, den Opthun; men der
var noko dult ved han; han gjekk jamt som paa
Ho-seladdar. Han hadde mykje aa fortelja. Men naar det
kom til Stykke var det aldri han som hadde fortalt
det; han hadde inkje sagt. Vart ein soleis, naar ein var
Lærar? Naar han fortalde um Glyttegluggane i
Skule-dørine, kunde ho tenkje seg det. Me hev slik ein
framifraa og drivande Inspektør, sagde Opthun; han veit
at det ikkje er godt at ein Lærar blir for trygg av seg.
Det kunde snart hende at den Vonde for i han, so
han fekk Hug til aa preike Vantru for
Kristianiaun-gane; men daa skal desse Gluggane minne han um,
at det nok er dei som passar paa han. Dei hadde
Glyttegluggar inn til Privatlive aat Lærarane au,
forstod ho paa Opthun; der var Fisletutar som gjekk til
Prestane og smurde sine Knivar med aa fortelja um
den veksande Vantrui; „den og den held Dagbladet;
den og den gjeng i Arbeidarsamfunde" ... Og so var
der namnlause Brev, som vart upplesne i Skulestyre,
der alle dei syttan Prestane i Byen sat og lydde med
lange Øyro . . . Ein skulde ikkje snakke, um desse
Løynbrevi som gjekk Prest og Prest imillom, kvar Gong
ein Lærar søkte Post; „dei Brevi inneheld nok mangt
og mykje! — Det er daa berre gode Folk som fær
Postar i seinare Tid, Folk med den rette Trui,
paali-telege Fisletut-Emne" ... dei tok det ikkje so strengt
med mangt anna, naar berre den rette gode Fislehügen
var der; „ja slikt fortel Folk!" — Og no vart daa
den eine Læraren etter den andre innstemnd og maatte
vitne um sitt „Forhold til Pontoppidan"; og dei syttan
Prestane ladda um paa Skulane hjaa alle som var
mistenkte ; so det galdt aa vera paa sin Post. Ein visste
aldri um deim, fyrr ein saag deim; dei kom som Tjuvar
um Natti, iser i Religionstimane; „daa gjeld det, at

16 — Oarborg. II.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0247.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free