- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
242

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

242

HJAA HO MOR

Ungane er godt upptamde! Dessverre kann ikkje
Presten sjaa Hjarto og Nyro; naar Ungane svarar rett etter
Pontoppidan, so maa han luska av, han! Men dei
Pokkers Ungane, dei skynar godt, kor som til stend; der
er ein heil Frimurarskap millom Lærar og Skuleborn
. . . Læraren er nøydd til aa plugge i oss dette-her,
men sjølv trur han sgu ikkje det Bøss ... og so blir
dei so ugudelege, so —; hi-hi-hi! Det blir ei
vantru Ætt den, som elst upp under
Glytteglugg-systeme! — Det var uhuglegt aa høyre slikt; men
Fanny slog det fraa seg. Aa pytt, sagde ho; det
er ikkje Skulen som gjer det; lat berre Folk faa det
godt, so blir dei nok glade i Vaarherre! —

Ho var med i Likferdi til Fru Kahrs; det var verre
enn um ho skulde ha mist Mor si. Men det var ikkje
vonlaust likevel. Inkje noko var vonlaust; ho hadde
noko aa gleda seg til. Berre det maatte vara. Ho
skulde krevja so lite, so lite; berre Gud vilde vera
god og lata det vara ei Stund.

Ho fekk Hüg til aa vera snild og umgjengeleg; der
var mykje ved Folk som var forvitnelegt i Grunnen.
Ho kom nærare innpaa Lea, Syster si; kven skulde
tru at der var so mykje godt hjaa henne? Nedtyngd
og forskipla var ho nok, Stakkar; men so hadde ho og
havt ein Barndom . . k det var stuslegt aa høyre henne
fortelja um Uppvokstren sin hjaa dei tvo Jomfruine: uff,
enn alt det stygge og leide ho der hadde høyrt og set.
Mykje av det v^ikkje forteljande; han Far hadde no
ikkje heller vori som han skulde. Lea hadde vorti so
forskræmd, at daa ho vart vaksi torde ho mest ikkje
trulova seg;’ ho trudde det var usømelegt, det og. Du
gjer deg ingin Tanke um kor faavis eg var, sagde Lea;
eg torde aldri vera i Lag med Thorseng aaleine; aldri
maatte han kysse meg eller mest koma næré meg; eg
var so skjemd og ille ved, at naar eg saag han kunde
eg sige i JordH — .Var’du kje glad i han daa? —
Jau, eg var visst det og, men —. -r- Korleis kunde du

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0248.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free