- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
243

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

249 HJAA HO MOR

koma til aa trulova deg daa? — Det var Frua som
greidde det; ho sagde fyri Svare og allting. — Frua? —
Ja den Frua i Drammen, som eg var hjaa ... Du
veit vel kva du skal svara, sagde ho; men no maa du
ikkje gløyme aa takke vent for det gode Tilbode . . .
Og det segjer seg sjølv; slik ei fatig stakkars Gjente
som eg var, so var eg nok takksam; og so skreiv eg
som ho sagde. Men Gud, for ei Tid det var; aa, enn
alt det eg hadde aa vinne yvi . . . Du er sæl du,
som hev fengi vekse upp hjaa ho Mor!

Elles, heldt Lea fram, høyrde eg so mykje vondt um
ho Mor i mitt Uppvekstre, at eg mest ikkje heldt henne
heller for . . . eg hadde ikkje for høge Tankar korkje
um deg eller henne i den Tidi. Og so var eg so
upp-raadd for Thorsengs Skuld ... eg var so takksam
mot han for di han hadde teki slik ei Fatiggjente, at
eg var paa Veg til aa bli eit laakt Menneskje av det,
trur eg. Fanny forstod at Lea bad um Tilgjeving for
gamle Dagar; ho kyste henne og sagde: det var godt
at du fekk ein slik Mann.

Av Lea fekk Fanny vita sümt um Far sin; Lea
trudde det var ho Mor som var Skuld i Ulykka hans.
Han skulde ikkje vori gift med henne, sagde Lea; i
rette Røyndi var det nok ei onnor han tenkte paa og;
men ho Mor var ven, veit du; og ho laag visst etter
han i den Tidi; og han Far var ikkje nettupp sterk
. . . Ho hev aldri forstadi han Far, trur eg; han var
i Grunnen eit snildt, godt Menneskfljj£/ Og so var no
ho Mor heller vandlynd; og han Far hadde det ikkje
nettupp med Tölmod. — Det er rart aa høyre dette;
ho Mor skyt Skuldi paa han Far ho. — Ja han Far
kunde segja mykje leidt um ho Mor og; men so ’var
det sumetider han orsaka henne att; Skuldi er mi;
det var eg, som hadde beste Vite! sa han Far.

Aa, du skynar ikkje, kor reint toskut eg hev vori i
alle Ting, sukka Lea stundom; det er forsett, at ein
skal vera soleis! Det er av deg at eg endeleg hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0249.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free