- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
244

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

244

HJAA HO MOR

fengi Tanke um eitt og anna ... I Fyrstningi totte eg,
det var jaalut av deg aa sitja og antrast med
Mann-folki um alleslags Ting som ikkje vedkom oss; eg hev
no aldri høyrt eller set slikt eg, at ei ung Gjente hev
fari aat paa den Maaten ... — Nei eg var visst djerv
nok! lo Fanny; men det var alltid so Moro aa erte
denne Tollaren, totte eg. — Ja eg skyna no at det
ikkje var nokor Raad med deg; og so tok eg til aa
høyre etter; og daa var det mang ein Gong mest som
du kunde hava noko Rett og. Men eg er no so
faa-vis; det er Uraad for meg aa vita kva som er gali og
rett; eg maa halde meg til det eg hev lært og høyrt fyri
meg, eg; men det er som det hjelper aa høyre eitkvart
nytt av og til endaa. — Det var løglegt at eg skulde
kunna vera til Hjelp for nokon, totte Fanny.

Ho fekk Umtanke for Borni til Syster si; Lea
skjemde deim so reint burt etter hennar Meining.
Du maa ikkje kysse deim so mykje, sagde ho; du veit
ikkje kor gali det er! — Jau; Lea visste at det var
gali; men eg kann ikkje anna! Naar dei kjem med
den vesle Tluten sin og er so doe og tøte ... og so
dei smaae runde lubne Armane kringum Halsen til Mor
si . . . aa, var det dine, so vart du ikkje likare sjølv!
— Jau; Fanny vilde ikkje taka det paa den Maaten; ho
vilde vera for glad i deim til dess. Og so maa du
ikkje jamt gjeva etter for deim; naar du hev sagt
nei, so maa det vera nei daa! —Ja men eg kann daa
ikkje lata deim skrike, Stakkar! — Lat deim skrike
til dei vert leide; dei lærer snart at det nyttar ikkje
noko. — Aa, de snakkar so lett de, som ikkje hev
Born sjølve. Thorseng hjelpte Kona si. Det er nok
Mori som veit, kva som batar Barne best, sagde han;
Mødrane hev det av Natturen dei, skal eg segja deg,
Fanny. Kor skulde det elles gaa med dei Borni som
Mødrane aat ikkje hev det Slag Upplæring sjølve? —

Tollaren gjekk i Huse som fyrr; han tok til aa eldast.
Han vart meir og meir skalleblank og meir og meir

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0250.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free