Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
253
— De snakkar um Barne ... det er visst skral
Giede, Mørane hev av Borni sine mang ein Gong. —
Det er deira eigi Skuld, um so er. — Aa . . . ein
kann vel ikkje krevja alt av deim heller? — Jau. Av
dei tvo Partane Foreldre og Born, er det som me veit
berre Foreldri som hev Pliktir. — Det vilde vera godt
for meg! lo ho; eg hev ei Mor, som eg slett ikkje er
som eg skulde vera imot. Eg hev ingin Tillit til henne ;
kann ikkje tala med henne ... — So hev ho ikkje
kunna vinne Tillit hjaa Dykk daa, for Pokker . . .
Trur De kanskje paa det fjorde Böde, De? — Aa . . .
— Enn um ingin hadde fortalt Dykk at Fru Holmsen
var Mor Dykkar, kva daa? — Ja men ho hev no vori
snild mot meg og i Grunnen. — So held De av henne
som av eit anna Kvende som hev vori snild mot Dykk
og i Grunnen; kva Fanden —; De gjeng daa ikkje og
skaper Dykk? —■
Han var mest arg. Men ho totte ho hadde eit
Sam-vitsagg mindre. —
Ut etter Sümaren vart det meir ujamt med Gram
enn fyrr; og i Frimaanaden for han til Bergen. Han
vilde sjaa um gamle Kjærastar, sagde han; det var
Skjemt, men gjorde henne vondt likevel; og ho var
sidan so smaatt elt av Aabryskap.
Han vilde ikkje gifte seg; det visste ho. Men um
han fann ei vitug Kvinne der burte, som kunde vera
Kammeraten hans —? Ho gjorde seg ei Fyrisyning
av . denne vituge Kvinna, og tok til og hata henne i
all Løynd.
Han hadde ei Fritid paa tri Vikur; so lange tri
VI-kur hadde ho aldri livt. Til Slutt vart det Ende paa
deim med; og bivrande ottesam søkte ho dei gamle
Møtestadine deira. Han var der ikkje. Dag etter Dag
venta ho han; men han var ikkje aa sjaa.
Ho tok Fæla; og ein Dag i Departementstidi vaaga
ho seg upp i Huse der han budde og spurde etter
han; jau, han var attkomin. Gudskjelov, so var det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>