Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
262
HJAA HO MOR
hjaa henne og tala med henne; men ho er plent som
du, stivnakka og halvgali, og skal vera klokare enn
baade Prestar og Profetar. — Inkje Svar. — Og so
skulde eg segja deg noko til. — Inkje Svar — Du
hev nok funni deg ein ny Fyr til aa renne med no;
noko reint Skrap, kann-vita; ein gjeldbundin Student
eller Kopist eller ... — Mama! — Naa, ikkje veit
eg; men Ebba hev fengi Greide paa han. Det er den
verste Ranglefanten i Byen; han hev visst øydelagt
seg paa alle Vis; men no skal han gifte seg med ei
rik Dame fraa Bergen; og Ebba bad meg helse deg
aalvorsamt paa det, at du fær agte deg for han; vil
han deg noko, so er det ikkje noko godt; ja, eg lova
eg skulde segja deg det; men du er ikkje som andre
Folk, du; naar ein vyrdande Velstands Mann vil hava
deg til Husfru, so er det nei; men kjem det slik ein
gjeldbundin Student, so er du før til aa . . .
Fanny sat framlut med Aalbogane mot Knéi og
And-Ilte gøymt i Hendane. Med ein Gong braut det laust
med eit langt, døyvt Skrik; men Skrike vart til Graat,
ein Graat so syrgjeleg, so skjerande, at ho Mor slepte
Bundingen ned i Fange og vart sitjande reint skræmd,
med opin Munn og stirande Augo.
Det var ikkje Graat; det var den ville Jammer. Ho
hadde snutt seg burt; Mor hennar saag ikkje anna av
henne enn Ryggen; men denne Ryggen vreid seg som
i Sénedraatt. Nei men Fanny daa, Fanny daa . . .
Ho Mor gjekk burt til Dotter si og freista aa faa henne
til Ro; nei men Krulltoppen daa; stakkars Barne mitt
. . . du maa ikkje taka det so tungt; det var ikkje vondt
meint . . . nei men kjære snilde Krulltoppen min . . .
Nei men det hev daa vel ikkje hendt noko? —
Rett som det var fekk ho ein Støyt, so ho tumla
att-yvi —: „vekk!"
Fanny reiste seg og gjekk burt-yvi Golve i halvhøg
Graat; kasta seg so ned att i Ruggestolen til Mor si.
Ho saag stygg ut; Andllte var blaatt, Augo trutne; det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>