Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei tok Breve for seg endaa ein Gong og studera det
endaa gløggare. Dei fylgde Vegen det hadde gjengi,
fraa Byfuten til Amtmanden, fraa Amtmanden til
Stiftamtmannen, fraa Stiftamtmannen til Kristiania Byfut,
fraa Kristiania Byfut til By-Tenaren, og so attende att:
fraa By-Tenaren til Byfuten, so til Stiftsamtmannen, so
til Amtmannen, so til Byfuten her, so til Amtmannen
att, so tilbake til Byfuten, der det hadde legi i aatte
Dagar, — og so endeleg hit. Men det nytta kje noko. Det
einaste som kom Saki ved var dette siste, at der «ikke
var Adgang til at tilpligte». Ja det er vel det same som
at den ikkje kann tvinge han det? umsette Fru
Holmsen. Ja —, Fru Mühlberg drog paa det; det maa vel so
vera. Nei men det hadde eg kje trutt lel! — Aa, eg
visste nok at det vilde gaa so, sa Fru Holmsen; ho
hadde vorti heit um Augo. — Eg kann mest ikkje tru
det lel, sette Fru Mühlberg i; Amtmann Krohn, den pene
Mannen!» — Aa, dei heng ihop. Byfuten hev talt for
Amtmannen, og Amtmannen hev haldi seg til Byfuten;
det er visst ikkje for inginting, dei hev teki seg gode
Stundir. — Og han som hev Smaaborn sjølv! — Pytt;
hans Smaaborn er væl berga; og so kann det vera det
same med andre daa, veit du. — Nei sanneleg um eg
hadde trutt dette um Amtmann Krohn likevel. Eg kann
undrast paa kva han no vil De skal gjera? — Gaa til
Kassa vel! Kva kjem det honom ved?
Fru Holmsen sette seg til Saumen sin med ein Rykk;
her vart nok ikkje Tidir til aa liggje paa Latsida! Ho
var dirrande nervøs; det bleike Andlite vart stramt og
magert. Og fraa Nasevengen nedyvi til den eine
Munn-viki teikna det seg ein litin kvass fin Strik, som ingin
lenger kunde vera i Tvil um; Fru Mühlberg saag paa
den og vart underleg i Lag; der hadde den fagre Fru
Holmsen si fyrste Rukke.
10
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>