Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
for han; og i Kristiania hadde han deim gangande i
Flokkar. — «Er bare Halvparten sandt —; stygt var
det i alle Fall!»
— Og endaa, sa Fru Holmsen, var eg tolsam i lengste
Lage og fann meg i meir enn nokon trur; ja, det veit
Gud, at hadde det berre vori noko Rim i det, so skulde
eg —; eg er daa vel kje verre aa koma til Rettes med
enn anna Folk? — Eg trur ikkje mange hadde tolt det
de De hev tolt, Fru Holmsen. — Det var mange som
hadde imot meg av di eg vilde skiljast. Og det kann eg
kje segja noko um; det var nok ikkje som det skulde
vera. Men eg undrast paa kva eg skulde ha gjort? Eg
kunde daa kje gaa der og vente til han hadde teki Live
av meg. Og som han var i dei Tidir, reint halvgalin av
Illske og Drykk, so kunde ingin vita um det ikkje kunde
bli Aalvor av det ein Dag, helst etter at eg hadde jaga
Thea or Huse.
— Det var nære paa at det skulde vorti Aalvor av og
ein Gong, veit eg? spurde Fru Miihlberg. — Ja den
Natti daa han braut inn Sovekammersdøri ? Den Natti
gløymer eg aldri. Eg hadde so vidt somna; so vart eg
uppskræmd av eit forfælande Brak, og inn kjem han
stimande som ein galin Mann, blaa i Andlite, blodsprengd
i Augo, — desse stygge ljose Augo De veit. Eg var som
nomi av Rædsle og fekk nett so vidt Mæle upp til eit
Skrik; so slog han Klørne i Hovude paa meg so det
gjekk Hol paa Nattkappa. No kunde eg gjera som eg
vilde! bura han. Anten skulde eg taka Thea heim i
Huse att, og beda henne um Tilgjeving for det eg hadde
sagt, eller so skulde eg ikkje sjaa Sol i Morgo! Eg
kjende alt den brennheite, sveitte Handi trivlande
innetter Halsen min. Ikkje eit Ord kunde eg faa fram;
det var som Strupen snørde seg ihop paa meg; eg hadde
alt gjevi meg Gud i Vald; men so Gudskjelov, so kom
14
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>