Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Mama ’tygg,» sa ho med eitt. «Mama ’tygg; itte
’klike! Mama ’nil, Mama tie pent; itte klike!»
No kom Fru Mühlberg og paa Graaten. Fru Holmsen
var reint kløkt; ho treiv i Braahug den vesle upp-til
seg og kysste henne brennande.
Daa Fru Mühlberg hadde komi seg att, fann ho fram
Pungen sin og gav Fanny ein Sylvskilling. So hugsa ho
at ho skulde heim og laga Mat.
Den godslege Kona hadde vorti so kløkt, at det reint
var vondt for henne aa faa sagt noko. Stakkars Fru
Holmsen, stakkars Fanny; kor skulde dette til Slutten
gaa?
Sanneleg vilde ho kje sende Jomfru Thorsen hit med
noko god Mat til deim, um ikkje anna, og det trast og;
Gud veit kor det kunde staa til her i Huse no, so veik
som Fru Holmsen i seinare Tid hadde vori.
Ja Adjø daa, Fru Holmsen! rette ho seg upp; no maa
De kje ta det for tungt heller. De veit der maa bli ei
Raad... De fær hugse at der er ein som... ikkje
gløymer oss... Og so hugsar De Avtala; De maa koma
og hjelpe meg med Vaarbunaden; elles vert eg reint
uppraadd. Adjø daa, kjære Fru Holmsen! Adjø Fanny;
adjø vesle Krulltoppen! Det greider seg nok, skal De
sjaa. Adjø adjø daa!
— Fru Holmsen sat og kjælte for Fanny og roa seg
etterkvart. Gudskjelov; ho hadde daa Vénir; ei Raad
maatte det vel bli. Kva tru det var for ein Skilling
Fanny hadde fengi ? Ein Tolvskilling! — Naa, so skulde
me daa kje turve liva paa Jordeple og Salt i Dag, kor
som var. Og etter Non kom ho Gamle-Kari; so kunde
ein faa Greide paa ymse Ting... Ja for um so var, so
vart det daa vel kje ho, som kom paa Kassa! Det vart
han, — han, som ikkje kunde forsyrgje Borni sine. Og
fyrr Fanny skulde der inn til denne Jomfru Henriksen,
2 — Garborg II.
17
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>