- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
18

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fyrr —. Han kunde somenn vera lik-til aa koma paa
Kassa til Slutt. Det kunde bli plent ein høveleg Ende
paa alt Skryte hans. Og Gamle-Kari, ho visste nok
Vegen. —

Kunde ein so koma inn til Kristiania og lære
Kjolesaum —. Jamenn fekk Bror Nils hjelpe henne med det;
ho fekk gjera Aalvor av det og høyre etter. Sidan
kunde ho koma i Veg og drive stort. «Fru Holmsens
Sy-Etablissement». — det vart alltid likare enn aa sitja
her og snu gamle Kjolar.

H.

Gamle-Kari hadde visst Vegen. Og mange gamle
Vénir og Drikkebrørar av Lastehandlar Holmsen sat i
Fatig-Kommissjonen; mot tvo Røystir, Presten
Pukstad og Skræddar Evensen, hadde Fru Holmsen der
fengi eit «Bidrag til Fannys Opdragelse» paa tri Dalar
Maanaden.

So kunde ho daa faa seg Hus paa ei Gjerd. Ei ljos
stor Stogu med Kjøk fekk ho til tvo Dalar Maanaden
ut-med Bordtuftom ein Stad; der var Utsyn til Gate og
Sol, og Fru Mühlberg hjelpte til med Innreidingi, so
der vart nokorlunde verande. Og no kunde ein daa ikkje
bli husvill meir. Jamen var det godt aa hava noko visst;
og det um det ikkje var so mykje heller.

Det vart ei god Tid for Fru Holmsen no. Alt gamalt
Kjendsfolk hugsa henne baade med Helsingar og anna;
ja um det var Folk som i Holmsens Tid hadde haldi seg
fraa Huse, so tok dei no til aa gjera seg kjende. Og
underleg nok visste ingin um det som sist var hendt;
det vart aldri nemnt noko um dei tri Dalane til Fanny.
Det var nok eit Grand Folkeskikk i desse Smaabyfolki
lel, kunde ho skyna.

18

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free