- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
25

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ken og fraa Kjøken i Stogo att; stelte paa eitkvart;
vatna Blomane; kannhende kunde ein koma paa noko,
naar ein gjekk so og dreiv. Eller um Gamle-Kari kom,
og hadde Tid, so ein kunde gaa til Fossen! Og Klokka
laag i Øskja si paa Borde og peika og peika paa det
same og det same, so ein fekk Hug til aa taka og kasta
ho i Golve og traa paa ho.

Sümetidir gav ho seg reint yvi og sette seg til aa
storgraate. Naar det ikkje var uthaldande, og ein like
vel skulde halde ut! Aa Gud, aa Gud, at ein skulde sitja
her aa sjaa sitt unge Liv gaa so jammerleg til Spilles!

Tidi gjekk skræmeleg fort. Aar etter Aar, Aar etter
Aar; Tidi var ein Eimbaat som gjekk fraa henne; no
svinga han um Odden; her sat ho etter; var ho ikkje
alt 27 Aar kanskje? Kor lengi var det daa att til ho
var 30? Inkjevetta. Inkjevetta. Det var berre som aa
reise seg upp og setja seg ned att.

Og no hadde ho vori Enkje i tri Aar. Tri av dei beste
Aari burt-vavra i berre Vas; ikkje ein Dag fekk ho
sjaa att av dei Aari, ho; ikkje i all Æve. Og her sat
ho. Tidi rann og Tidi tærde, baade paa Hud og paa
Hug; ein, tvo, tri var ho ei gamal Kjering, som inkje
noko Menneskje iddest sjaa paa.

Aa han —, han —, Skarven, Kjeltringen! Dersom ho
endaa paa skikkeleg Maate hadde vori Enkje; men
kven vaaga seg i Lag med ei som var fraaskild ? ei
fraa-skild Kone med tri Born?

Og ho som hadde slik Hug til aa liva og vera med.
Var det kje det som var Ulykka den Gongen daa ho
gifte seg og? Ho hadde ikkje totst kunna vente lenger
... Og no skulde det vera slutt. Slutt utan Von, utan
Hjelp, utan Raad. Midt i dei likaste Aari.

Aa Gud hjelpe henne; Tidi gjekk visst fort nok.
Baade for fort og for seint; ein underleg Trolldom. So

25

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free