Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kje noko Umgang korkje med Holmsen eller Jomfru
Henriksen, han.
Ho tok dette upp-att og upp-att for seg sjølv so lengi
til dess ho ein Dag vann seg yvi og skreiv til Jomfru
Henriksen.
Breve vart ikkje sendt; ho umraadde seg att, daa det
kom til Stykke. Ho var ikkje god-til aa brjote seg so
smaa. Ho fekk heller gjera seg hard og drygje.
Men Tidi fall for lang; og ein Dag sende ho likevel
Breve.
Herre Gud, kva skulde ein Stakkar gjera. Den som
ikkje hadde Raad til aa gaa rett, so fekk ein krøkje
seg; ein fekk heller sjaa til aa rette seg upp-att sidan.
Ho torde kje drygje til eit anna Aar. No hadde ho
Tilbode, og no fekk ho taka imot det. Næste Aar kunde
det vera tusund Ting i Vegen; Nils kunde hava mindre
Raad; det kunde vera endaa laakare med Marie; nei,
nytte Tilføre med’ det var der; ein annan Gong var ein
Skjelm.
Naar alt kom ihop, so var det for Borni si Skuld ho
gjorde det.
m.
«Hva hetter du da?»
«Fanny Margrete Holmsen.»
«Nei jassaa. Hvor gammel er du?»
«Je blir fem Aar den 9de Januar.»
«Det var svært. Du er visst en flink liten Pike du?»
«Ja.»
«He-he.»
«Naar je blir stor, ska je bli flink.»
«Jassaa; hva ska du da bli?»
«Skuespillerinde!»
27
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>