- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
30

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde sett det i henne, at ho og han sjølv og nokre til
skulde fara livande til Himils no snart. So gjekk daa
Marie Pedersen og venta paa dette, og heldt seg reidug
stødt, so Brudgommen, naar han kom, ikkje skulde
finne henne sovande. Ei Gjente styrde Huse, og det
gjekk som det kunde. Det var som Nils hadde sagt:
her var ikkje Rom aat Fanny.

Fru Holmsen sjølv fekk det godt nok; og so hadde
ho Lykka med seg og kom inn hjaa Systrane Mehlum i
Prinsens Gate. Systrane Mehlums Sy-Etablissement
galdt for eit av dei beste i Byen.

Her lærde ho Kjolesaum og høyrde nytt; dei visste
all Ting, Gjentune her, og meir enn dei vel kunde hava
godt av. No um Dagen var det ein stor Fallit, dei heldt
paa med; Spursmaale var, um den fine Ætti til
Gros-seraren kunde fri han fraa Tukthuse. Tausesögune hans
forfor dei kunnigt og vel; det var likt til at Grosseraren
i den Vegen ög hadde vori ein leid Kar. Og endaa meinte
süme at han hadde sine Overmennar. Ein slik-ein som
Thomas Trondby hadde nok endaa fleire Syndir paa
sitt Samvit; og Henrik Lund vilde dei kje snakke um
dessmeir. Elles var der no det med Henrik Lund, at
han hadde denne Kona; naar det kom til Stykke, so var
ho ikkje stort likare, ho. Ja det var ei av rette Slage
det; ho var verre enn baade den og den. Det var elles
ikkje godt aa vita kven som var verst; dei var ikkje
svært mykje aa tru, desse fine Fruine. Det saag me
her den Gongen daa dette fæle kom upp —; tenk, dei
hadde haldi seg med reint simple Fyrar som dei betala
... Og daa dei kom for Politie — ja so vidt var det
komi at Politie fekk i det —, daa var dei endaa so
for-herdige at dei forsvara seg. Kva skal me gjera? sagde
dei; Mennane vaare hev sine Gjentur ...

Fru Holmsen tenkte med seg, at det var nok ikkje

30

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free