Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
verdt aa tru alt det ein høyrde heller. Men Byen maatte
ha versna kor som var; for ho hadde nok høyrt gjeti
utrugne Mennar i si Ungdoms Tid, men aldri utrugne
Konur. Ja det kunde vera bland reint simple Folk...
og so ein sjeldan Gong millom dei alra-finaste; som t. D.
den Hoff-Frua, som maatte upp-aa Slotte kvar Gong
Kongen var her; men det var no paa ein annan Maate
med det. Aa jau; det skulde koma til aa sjaa ut i Verdi,
dersom Kjeringane gav seg til aa laupe galne tilliks
med Mennane! —
— Det var ein sur, vaat Haust med Regn og Søyle,
so Byen tok seg ikkje noko godt ut. Eitkvart skulde det
vera i Vegen, maa-vita. Med Føtane var det verst;
sjølvsagt hadde Skomakaren sytt for at Styvlane var
utette. Men det var Moro aa vera i Byen lel. Det var
slik Framferd i Folk her; dei gjekk kje og dilta og drog
seg som upp-aa Bondelande. Det var reint som ein fekk
eit nytt Liv i seg berre ein kom ut paa Gata.
Og slik som Byen vaks! Ho gjekk og gledde seg som
upp-i eit Eventyr. Best som ho var heime i sin eigin
By, der ho kjende kvar Gatestein og kvart Søyledy, stod
ho framand og fortrylt i nye Gatur som ho alldri hadde
set fyrr. Sjølve Grunnen var umsnudd; Høgdir var
burtkomne og Dokkir fyllte.
Men Jomfru Henriksen fekk ho meir og meir imot.
Og mindre og mindre kunde ho tru, at Borni hadde det
som dei skulde i det Huse. Det var nok ikkje berre av
det gode, at dei var so stille og rare, Lea og Tom. Naar
ho kom til aa vera aaleine med deim, klengde dei seg
inn til henne og bad um aa faa vera med heim; faa vera
med deg heim, Mor, sutra Tom; faa vera med deg heim,
Mama mi! Kom so Jomfrua inn att, stiltra dei seg burt
og gøymde seg i kvar sin Krok, liksom dei skulde ha
gjort noko gali. Fanny, som ikkje hadde Vit nok til aa
31
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>