- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
33

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

taka til Vite. Han kunde ha so lite Hjarta han vilde
for Borni sine, so visste han daa at dei maatte ha Mat.

Ho gjorde seg kjend med Tenestegjentur og
Skure-kjeringar og kven-som-helst i den Garden der Jomfru
Henriksen budde, og fekk daa høyre mangt Slag. At
Jomfrua var rædd for Maten, var noko som alle visste;
og Juling fekk Borni rett som det var; det kunde ein
høyre heile Gata burt-igjenom. Det var kje nokon Stad
for Born aa vera i det heile der. Holmsen sat hjaa
Jomfrua og tura mest kvar Kveld; og naar han gjekk att,
— «ja det ser me um Morgonen». Ho, Jaala, gjekk og
innbilte seg, at han vilde ha henne; men me fekk no
sjaa, naar han hadde gjort Ende paa Pengane hennar;
og det kunde vel ikkje bli so lengi til. «Nei; var det eg,
so skulde no Borni ut av det Huse; og det heller i Dag
enn i Morgo!»

Fru Holmsen spurde upp Mannen sin. Han hadde
gøymt seg godt; men ho fann han. Og ho fortalde han,
at Borni hans svalt. Men han var den same som han
hadde vori. Han vilde kje høyre; gjekk berre att og
fram paa Golve og vreid seg. Det er greidt, ja, murra
han; Bysnakk og Slarv ja; det er noko for deg! Ho bad
og tagg; ho tok til Graaten; talde for han so det kunde
røre ein Stein; men ingin Ting beit paa han. Um han
ikkje skulde faa vera fri Gnage hennar no heller? sette
han i. Um ho hadde sett seg fyri aa forfylgje han, til
han laag i si Grav? — Med Borni hadde han gjort det
so godt som han kunde. Han visste ingin annan Stad
aa gjera av deim. Hjaa Jomfru Henriksen hadde dei
det godt; dei fekk Mat og Klæde so dei berga seg, og
meir Folkeskikk enn dei kunde lære av Mor si. Fanny
kunde og faa vera der; og daa var Semja uppfyllt fraa
hans Side; — du tarv visst ikkje bry Amtmannen der
uppe for den Skuld! grylte han. Ja du trur kanskje

3 — Garborg II.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free