- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
37

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunde faa noko ned av. Fanny aat som ein
Arbeidsmann. Ved gjekk det mykje av, daa Bustaden var kald;
Fru Holmsen tok mest til aa trega paa at ho hadde
skrivi etter Borni. Det leid til Jol; sumt av det
Arbeide ho hadde fengi laut ho gjeva fraa seg att, daa ho
ikkje kunde lova det ferdugt. Gamle-Kari maatte ein
Dag til «Mangfoldigheta» med Gullringen; sidan gjekk
Klokka og Silkekjolen same Vegen. Det vart verre og
verre aa faa paa Borg; allstad var ho skyldug. Det var
Haltemikkel ein meir og meir fekk halde seg til; men
Gamle-Kari lét um, at han ikkje var fullblid lenger, han
heller. Me fær segja som Guten sagde, daa han fekk
Ris um Joleftan, lo Gamle-Kari: det beinar seg til
god Jol!

Fraa Holmsen høyrde ho ingen Ting, og glad fekk ho
vera. Kva vilde det nytte Borni aa koma heim som her
no var stelt? Dei kunde likso godt svelte ute som heime.
At ikkje han hadde noko aa hjelpe deim med um dei
kom, det burde ho ha visst; han maatte vel fyrst og
fremst hava til Brennevin.

Gud veit um ho ikkje snart laut til aa drikke ho au
no. Denne endelause Hugverken tok Live av henne. Ho
fekk ikkje Fred um ho sov heller; ja Draumane var
snartsagt det verste. Borni gjesta henne kvar Natt,
blaae og bleike; dei grét og søkte Hjelp, men kunde ingi
Hjelp faa; ho var stiv, ho kunde kje røyve seg; der
kom Jomfrua; ho hadde den lange Kniven sin og vilde
slagte deim til Middag; eller det var Holmsen; han kom
hoppande som ein Hund, ein galin Hund, blodraud i
Augo, med store Tennar; vilde bite, bite ... aahh!! Ho
vakna med ein Skrik, sveitt og skjelvande.

Det var ikkje mange som hugsa henne i denne Tid;
jamvel Fru Mühlberg saag ein sjeldan. Dei hadde vel
annvint til Helgi kvar med seg. Og so budde ho so

37

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free