- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
39

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og sovna. Daa Gamle-Kari kom, vart ho send til
«Mangfoldigheta» med den gamle Vinterkaapa; det
vesle ho fekk for den gjekk med til Ved. Mat til i
Morgo fekk Vaarherre skaffe.

Aat seg og Fanny maatte Fru Holmsen laga ei
Fiatseng; til Underlag tok ho alle dei Fillur som i Huset
fanst, og til Yvibreidsle bruka ho Gangklædi. Fanny
som var heimkomi fraa Lehmann med ei Flaske Vin i
Jolegaave, skreik og var leid; ho sovna ikkje fyrr ho
hadde fengi heile Fillehaugen yvi seg. Det kunde daa
og vera det same. Fru Holmsen visste at sjølv fekk ho
ikkje sova kor som var.

Ho var uppe ender og daa og lagde ein Vedpinne i
Omnen; elles laag ho og smaafraus og tenkte. Ho kom
til det, at Born skulde ingin hava; ingin som ikkje
var rik... og ingin som var rik heller. Kva nytta
det aa vera rik? I Morgo kunde den rike Mann
vera ein Lasarus; og so stod Borni der. Og det
var Uraad for eit Meneskje aa sjaa svoltne Born og ikkje
kunna hjelpe. Ho kjende med seg sjølv, at ho vilde stela
Mat til deim um det kneip; alt vilde ho gjera, ikkje
Spursmaal um det; alt, um det so var det verste. Det
kom for henne, at inkje kunde vera Synd eller Skam,
naar ei Mor gjorde det til Matberging for Borni sine.
Men ein fekk lite paa Vaarherre. Naar det kneip som
verst, so hjelpte han nok. Hu, som han her nede, han
Styggen, Mikkel paa Troppi, Haltemikkel... hu, so
rart han hadde set paa henne i Kveld. Ja; Vaarherre
vilde hjelpe. Han maatte hjelpe. Han saag her var
Naud nok.

Eller um ho drap seg? Ja; det kunde vera ein Utveg.
Daa vilde Folk forstaa at ho havde havt det vondt; og
daa vilde dei vera snilde mot Borni. Ja kom det ikkje
Mat i Morgo, so —; ho kunde berre gaa ut paa Isen og

39

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free