- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
40

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

leggje seg der; det skulde ikkje vera noko vondt aa
snakke um ...

Ho arbeidde seg inn i slik ei Fælske, at ho tok til aa
beda til Gud. Ho grét og bad, stridde med den
lüne-fengde Magti der uppe som i ei Vilske. Der laag dei
tri smaa og sov; dei var trygge; dei hadde Mor si; men
ho var likso hjelpelaus som dei, meir hjelpelaus enn
dei; so maatte daa ho faa Lov til aa stole paa honom.
Ho var ikkje verd Hjelp, det visste ho nok; men det var
ikkje for seg sjølv ho bad heller; og det kunde daa ikkje
vera rimelegt at dei smaae Borni skulde lide for hennar
Skuld; han maatte hjelpe; han maatte! —

— Ho vart trøytt og so ør i Hovude at ho sistpaa
mest ikkje sansa seg. Tennane skrangla i Munnen paa
henne av Kulde. Ho skubba seg inn-til Fanny og lagde
Augo att. So laag ho i ein vond sjuk Døs til um
Morgonen.

IV.

Det kom Hjelp. Guten til Proprietær Storm paa
Fredheim kom køyrande med eit heilt Lass med Mat og Ved,
og Fru Miihlberg og Fru Wiig sende like eins
Jole-gaavur.

Mat fyrst og fremst. Det maatte ha spurst, at ho
hadde fengi Gjestir til Huse.

Snart sat den vesle Huslyden ved Joleborde og hadde
det godt, med alle Koppar fulle, Ljos i Stakane og Varme
i Omnen. Og daa forstod Fru Holmsen, at denne store
Hjelp i rette Stundi, den maatte vera fraa Gud.

Bønine hennar i Natt! — det var dei som var høyrde.
Det burde me daa tru. Og serleg vilde Borni hava godt
av aa tru det.

Ja, ja, sa ho; no hev me det godt; men lat oss ikkje

40

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free