Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjeti Jomfru Aaberg innpaa Syskulen, maa de tru! —
Og so vart Jomfru Henriksen vill daa, hasta Lea i Veg
att; og du skulde høyrt kor ho reidde han av. — Ja det
vil eg tru! Og han var vel ikkje den som stakk Pipa i
Sekken? — Han kunde kje tegja til slikt, veit du. —
Aa nei; eg vaagar han svara. Og dette maatte de høyre
paa ? — Nei; Tom og eg gøymde oss i Sovekammerse. —
Stakkars Born. -— Men no hev han Far lova oss, at naar
han fær den Posten, so skal me faa vera der ute paa
Lande der han er; og daa skal me faa det so mykje
betre enn hjaa Jomfru Henriksen. — jaso. — Han
skulde snart skrive til deg, sa han... Han trudde nok
snart det skulde bli ei Raad. — Ja... kann vel hende
han kjem til Lags med Jomfru Aaberg! —
— Eit Par Dagar yvi Nyaar kom det Brev fraa
Holmsen. Det vart Raad for Borni, skreiv han; Jomfru
Aaberg paa Elmerud vilde taka deim alle tri. «Og der vil
dei faa det godt. Reisepengar fylgjer. Men no er det
so mykje du veit det, at dermed er me kvitt!» —
Ho skreiv attende og bad for seg. Ho maatte faa hava
Borni heime. No, daa han hadde fengi Post, fekk han
hjelpe henne so vidt. Ho kunde ikkje liva utan Borni.
Og dei kunde aldri faa det so godt som hjaa Mor si; det
visste han. Um det so var det beste Framandmenneskje,
so kunde ho ikkje gjera Like for ei Mor; og Jomfru
Aaberg var knapt av dei beste ein kunde finne.
Han svara stutt og klaart. «Eg hev ingin ,Post’,»
skreiv han. «Det kann elles vera deg det same kva eg
hev og ikkje hev; men vil du hava Borni heime, so maa
du forsyrgje deim sjølv. Vil du hava Hjelp av meg, fær
du taka Hjelpi paa den Maaten eg byd ho. Du fær gjera
som du synest. I alle Tilfelle er me kvitt!» —
Det var ikkje onnor Raad: Lea og Tom fekk reise.
Ho torde ikkje vaage seg ut for fleire slike Knipetak
42
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>