- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
44

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fanny vart rædd og lova godt. Mor gjekk aat
Kjøken att.

Det gjekk svært so turt aa vaska utan Vatn, totte
Fanny. Um ei Stund stiltra ho seg burtaat Vaskestolen
og bløytte Lurva berre eit ørende lite Grand, so lite at
ho Mor aldri kunde koma etter det.

Det gjekk strakst betre. Og no, daa ho Mor skrangla
med Grytur og Fat der ute, so ein høyrde det lang Veg,
kunde det ikkje vera faarlegt; Fanny bløytte Lurva
endaa ein Gong, og denne Gongen noko skikkeleg.

Og daa gjekk det svært godt. No skulde Golve bli so
reint og fint so.

Ho braastanna og vart raud. Der var Mama.

Og Mama var vond. Nei men Unge daa? Held du
paa like godt? Ja no skal du daa vel —! Det maa bli
ein Ende paa dette ög! Ho var burt-i Hylla etter Rise;
Fanny kjende alt Svien og tok til aa storskrike.

Venta, so skal du faa noko aa skrike for! kom ho Mor
farande, bleik av harm. Med eit forsinna Rykk vart
Fanny lyft upp fraa Golve og slengd ned paa Fange til
Mor si; so vart Jump’en nækt, og Rise tok til aa gaa so
tett og so fast, at ein kunde høyre Fanny heilt ned-yvi
til Apoteke.

— Ja vil du lova at du ikkje skal gjera det meir ? hm ?
Vil du lova det? Vil du? Hm? Eller vil du hava meir
med same kanskje ? Hm ? Fanny hadde komi so i Graat
at ho ikkje kunde faa eit Ord fram; naa, so fær du faa
lite til daa, kvæste ho Mor; ho piska paa att. Ja! ja;
ylte Ungen i Daudrædsle. Ja vil du lova godt daa? spurde
ho Mor; ho var myrkeraud i Andlite og riste yvi heile
Kroppen. Ja! ja! peip Fanny strupesnørd; so ein Gong
til med eit stygt Kvinskrik: ja! Det var som ho vilde
slite seg sund av Saarleik og Svie; ho spratla og spratt
som ein Fisk; skjelvande Braarykk gjekk gjenom Krop-

44

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free