Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
pen hennar kvar Gong ho trudde Mor vilde slaa til att.
Naa, sa ho Mor og slepte henne; lat oss sjaa du hugsar
det daa. For annars veit du kva som vankar!
Fanny gøymde seg burtmed Sengi skjemd og sint; ho
Mor skalv av Uppøsing og gjekk ut til Stelle sitt i
Kjøken. Fanny ulde. Men denne Ulingi vart snart so
trøytte-sam, at ho Mor laut inn att. No fær du tegja, Fanny,
sagde ho; eller skal du hava meir? — Hm? — ja held
du Munn daa ? — Ja! ja! ylte Fanny; ho kunde kje tegja
kor gjerne ho vilde. Naa; me fær ta ein Bask til med
det same daa, naar du er so trassig, sa ho Mor; ho gjekk
etter Rise. Nei! nei! Mama! Mama! eg skal, eg skal;
Mama! !— Men skreik gjorde ho like godt, raadlaust,
udøyvande, som i Senedraat. Ho Mor beit Tennane ihop
og tok henne uppaa Fange; slik fæl Trass fekk ein
døyve. Og ho strauk paa so det kvein. Og Ungen
ramskreik. Det leitte paa henne Mor, so ho orka kje meir.
Ja vil du vera snild daa? spurde ho ettergjevande. Ja!
ja! eg skal vera snild, eg skal vera snild! jamra Fanny.
Ja so fær du tegja daa og ikkje skrike so ein kann gaa
fraa Vite av aa høyre paa det! Teg deg no og ver snild.
So ska’ ’kje Mama slaa Krulltoppen meir. — Ja! ja! eg
skal vera snild! forsikra Fanny. Ho Mor hadde slept
Take, so vidt Ungen fekk kravla seg ned; ja so tegjer
du daa! skjerpte ho etter henne og reiste seg. Ja! ja!
skreik Fanny. Ho klengde seg inn-aat Sengi og freista
aa døyve Graaten i Aaklæde; ho Mor vart braa-kløkt
og gjekk ut.
Ho stelte lengi der ute i Kjøken; ein fekk gjeva
Krull-toppen Umrøme, so ho kunde koma seg. Men daa det
ingin Ende tok, vart Fru Holmsen arg og gjekk inn att.
Eg ska’ vera snild! eg ska’ vera snild! villskreik Fanny,
daa ho høyrde Mor si i Døri; og so straks etter bedande:
eg vil legge meg, Mor, eg vil legge meg, Mor! — Ja; ja;
45
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>